Eg heiter Elisabeth Solbakken – født og oppvaksen i Bremanger. Eg kom til verda i 1969 og gift med Einar Nesbakk – har etterkvart fått ein stor familie med både eigne barn/barnebarn og Einar sine barn/barnebarn: Det er blitt ein stor flokk etterkvart.
Eg er ein av «veteranane» i kulturskulen. Var sjølv elev her når kulturskulen var ny og heitte Bremanger musikkskule. Eg var elev her i 1983-85 og har sjølv arbeidd her sidan 1993. På 90 talet hadde vi kun to små «musikkskulerom» i «leiligheta» i det eldste bygget på Hauge skule. Dag Solberg var rektor det året eg starta (han var vikar for Norvall) og eg fekk ei «7 % stilling» ( eller liknande) som dirigent i Bremanger skulemusikk. No har eg avansert ein del og arbeider i ei 100 % stilling som kulturskulelærar. Noko av stillinga har alltid vore i grunnskulen der eg underviser i musikk.
Har gjennom alle desse åra gjort ganske mykje forskjellig: Til dømes :- korpsdirigent i Bremanger skulemusikk frå 1993-2005, undervisning på korpsinstrument (treblås), piano, Musikkleik, Kulturkarusell (musikk) , fløyte , sang, grunnskulen og dei seinare åra har eg hatt kunstgrupper i Kulturkarusell for 1. og 2.klassingar. Eg driv òg denne nettsida.Eg har òg sysla med musikkteknologi og lærer elevane i grunnskulen å skape digital musikk. Eg brukar dessutan mykje studio saman med elevar og dei får ta opp musikk dei spelar/syng.
På fritida syng eg ein del , – det kjekt å få utøve sjølv – ikkje berre undervise ! I 2017 starta eg opp eit vokalensemble med mange flinke og kjekke damer frå heile kommunen. – Vi kallar oss for Silisium Vokal. Eg har òg vore med på mange store konsertar/show med Bremanger Musikklag.
Har utdanning frå Høgskulen i Sogndal : Musikk , Tverrfagleg estetiske fag (musikk ,drama, kunstfag)
Livet i kulturskulen er mangfoldig og føler meg priviligert som framleis får lov å «leike meg » med sang og musikk.

Bilde frå Panoramio is by FEIYUE SHOP