Utstilling i Øyratunet anno 2017

Mandag 29. mai viste elevar på kulturkarusell og visuell kunst fram arbeida sine på Øyratunet i Svelgen.

Ei flott og mangfaldig utstilling, med maleri, trykk i lino, kannedyr, akvareller og teikningar. Mange møtte opp for å vere med på opninga, der kulturkarusell elevane framførte 2 songar og lærar i visuelle kunstfag Aud Marit Skarrebo Holmen fortalte om teknikkar som elevane har nytta i arbeidet.

Fekk du det ikkje med deg på mandag er utstillinga open også desse dagane:

Onsdag 31. mai kl. 17.00-19.00

Onsdag 7. juni kl. 17.00- 19.00

Fredag 9. juni kl. 17.00- 19.00

Kulturskulen takkar Svelgen kunstlag som syter for å halde utstillinga open desse dagane.

Kommenter innlegget