Korps kan gje deg vener for livet

Desse tre jentene er stolte «eigarar» av kvar sin kornett. Kvar torsdag møtast dei til øving saman med kornett-læraren sin Silje Aga Larsen. I tillegg til å vere messing-lærar spelar Silje kornett  i Kalvåg musikklag. Ho har mange år med korpserfaring bak seg både i skulekorpset og som vaksen i musikklaget.

IMG_3191
Desse 3 jentene starta opp i 2014 med eit aspirant-prøveår i musikk-timane i skuletida. Dette er ein avtale vi har hatt med grunnskulen i nokon år og er heilt forsneleg med Kunnskapsløftet. Vi har brukt dei siste åra slik for å klare å «hanke  inn» dei som kanskje aldri hadde meldt seg på som aspirant. No får alle i 3 klasse på Hauge skule eit høve til å prøve å spele eit instrument i skuletida -etter det så bestemme dei seg om dei vil halde fram som aspirantar. Desse 4-klasse jentene ville halde fram og får prøve seg som musikantar i korpset i tillegg til øving med Silje.. På samme tid har vi gåande eit nytt «kull» med 3.klassingar som får prøve seg på instrument i musikktimane. Elisabeth har ei klarinett-gruppe på 4 stykker og Silje som har 5 stykker på kornett.  I januar skal desse få velge om dei vil halde fram på instrumentet.

Bremanger skulemusikk er eit av dei mange korpsa våre i Bremanger kommune – men i dette korpset slit dei med rekrutteringa. Musikantane «ramlar av» altfor tidleg i forhold til det dei gjorde tidlegare. No er nesten ingen musikantar med etter dei har slutta  i 10 klasse. Dette er sjølvsagt svært uheldig for korpset som i dag tel berre max 14 medlemmar, dei yngste har ingen store musikantar å strekke seg etter. Dei lærer mykje av kvarandre.

Det er svært trist om korps forsvinn men med så mange aktivitetstilbod er det sjølvsagt vanskeleg å velje aktivitet. Ikkje minst er kulturskulen sjølv ein konkurrent til skulekorpset. Vi håpar at fleire kunne tenkje seg denne forma for aktivitet – skulekorps er ein viktig faktor i eit lite lokalsamfunn. Og det er ikkje berre 17.mai korpset eksistere. Heile året gjennom har korpset ulike arrangement som dei øver til. Og korpsmiljøet i Bremanger  er inkluderande – der er det plass sjølv om du ikkje er «verdens beste». Så lenge du gjer ditt beste så er det plass for deg. Og det som kjem utav det er : samhold, inkludering, musikkglede og personleg vekst. Ved å lære å spele får du meistringsfølelse både personleg og som gruppe. Ein skapar noko bra ilag.  Og det kan ingen ta ifrå korpsa – å spele i korps er unikt. Og om ein klare å henge med til ein vert nesten vaksen så treng ein ikkje eingong slutte å spele. For det finst «vaksenkorps» i alle bygder. Treng du å bli kjent med nokon på ein ny stad der du studere eller arbeider? Finn deg eit korps – og du får vener for livet.

Kommenter innlegget