Nytt kulturskuleår 2018 / 2019

Geir – ny danselærar seier: ”Jeg har lyst å ha et fokus på danseglede, kreativt rom og dans, men også et teknikkfokus hvor de får lært de forskjellige dansesjangerene med fokus på at dette skal være en hyggelig plass for å bli kjent med andre elever og få et godt læringsmiljø og en trygg plass for å være seg selv.”

Oppstart augustAnjas fjell (2) oljepastell inspirert av Kleiva

Vi startar opp med undervisning i veke 35.

Er du usikker på noko eller det er nokon endringar som vi treng å vite ? Då er det veldig fint om du tek kontakt med oss snarast , – vi lagar ny timeplan i desse dagar.

Nytt hausten 2018:

Helena Bjarkadotter skal arbeide hos oss med sangundervisning . Ho  utdannar seg som sangpedagog og har no eit opphald i studiane. Vi er glade for å få låne ho! Ho skal undervise på Hauge , Davik og i Svelgen. De får nærmare beskjed.

Laila Beathe Førde har dessverre slutta som lærar i Bremanger kulturskule.  Ho vil bli eit sakn for oss. Vi ynskjer ho lukke til vidare !

Endeleg kan vi igjen tilby dans i kulturskulen!

Geir B. Leirvåg

Geir – ny danselærar

Vi har vore så heldige å få Geir B. Leirvåg som til dagleg er danselærar på Firda v.g. skule til å undervise hos oss ein dag i veka. Geir er 23 år og har danseutdanning frå Kunsthøgskulen i Oslo, i tillegg har han pedagogikk (PPU). Han hadde praksis på ein danseskule i Oslo ved navn ”West End dansestudio” der han underviste jenter og gutar frå 10 til 16 år i jazz- og streetdans. Han underviser også i ballett.

Undervisning på Kolset

Då vi berre kan nytte han ein dag i veka (onsdagar) prøvar vi å legge undervisninga til Kolset slik at flest mogleg kan delta. Vi håper at føresette kan samarbeide om å fylle opp bilar frå alle bygder og køyre. Vi skal prøve å få til ein liten ”kaffikrok” slik at det vert kjekt å sitje å vente!

ONSDAGAR i gymsalen på Kolset:

  • 17.00- 18.00: 3.-4. årssteg
  • 18.15- 19.15: 5.-7. årssteg
  • 19.30- 20.15:  8.-10. årssteg
Geir B. Leirvåg

Geir B. Leirvåg

Geir skriv sjølv: ”Jeg har lyst å ha et fokus på danseglede, kreativt rom og dans, men også et teknikkfokus hvor de får lært de forskjellige dansesjangerene med fokus på at dette skal være en hyggelig plass for å bli kjent med andre elever og få et godt læringsmiljø og en trygg plass for å være seg selv.”

 

Kommenter innlegget