Karusellfest 11.juni 2018

Kulturskuleåret 2017/2018 har karusellelevane vore «prøvekaniner» for eit nytt prosjekt i kulturkarusell – nemlig dukketeater. Sidan underteikna ikkje har gjort eit liknande prosjekt tidlegare var det litt prøving og feiling som måtte til. Karusellelevane var delte i 3  grupper dette skuleåret , slik at det til slutt vart 3 ulike dukketeaterstykker. IMG_8551

Vi starta med historieskaping der elevane fantaserte seg fram til figurar og ei handling dei ville bruke i stykket sitt. Dette var viktig fordi dukkene skulle få eige «liv». Dukkene vart deretter skapt ved hjelp av papp, og tekstil til kle . Dette tok ei tid då elevane trengte mykje hjelp til dukkene.

Når dukkene var ferdig laga dei scenografi (bakgrunnsbilete) til stykket – som skulle passe til handlinga.

IMG_7066Når det meste var klart av dukker og scenografi så vart historia konkretisert og det vart laga replikkar.  Nokre improviserte seg fram til replikkar medan andre måtte ha meir hjelp.

Det neste som måtte til var lydkulisser og musikk til stykket. Vi leika oss fram til tekst til musikken og lydar til dei ulike stadane i stykket f.eks i skogen eller i byen. Underteikna sette lydane, stemmene og songane saman i Garageband til det ferdige resultatet.

Deretter vart replikkane lest inn i Garageband og sett saman til det ferdige «produktet».

Så måtte vi øve på bevegelsane til dukkene – mange spørsmål dukka opp undervegs. Korleis veit publikum kven som snakkar når dukkene ikkje kan bevege munnen sin ? Korleis beveger dukkene seg når dei kjem inn på scena? Mykje prøving og feiling – dei måtte sjå på kvarandre for å lære korleis bevege dukkene. Til slutt hadde dei øvd inn stykket så bra at det var klart til å vise det fram.

Karusellfesten gjekk som ein draum og elevane var svært stolte etter framsyninga si! Nokre tykte det var domt at dei var for store til å vere på karusell til neste år for dukketeater var så kjekt.  DET var ei god tilbakemelding å få. Det var slettes ikkje berre elevane som har kosa seg med dukketeater men òg læraren !

 

 

 

Kommenter innlegget