Flott elevkonsert i Svelgen

Kulturskuleelevane entra scena i Svelgen torsdag 23.mars

Det var fullsett sal og mange spente elevar som skulle spele og synge på elevkonserten i Samfunnshuset. Samfunnshuset har ei flott scene og saman med profft lys og lyd, vart det den perfekte ramma for kulturskulen sin konsert.

Vi fekk høyre gitargrupper, band, solo gitar, songarar som akkompagnerte seg sjølv på piano og ukulele, blåsarar frå både Svelgen og Ålfoten,-  pianister, barnekor og til slutt eit forrykande sceneshow av  sangmoves- elevane med Play that funky music.

Takk til Tore, Laila Beathe, Fay, Espen, Maurizio, Eliise og Grete. Og ikke minst takk til Jonas på lys og Einar på lyd, og til ALLE som bidro på scena!!

Kommenter innlegget