Måndag 28.januar kl. 17.30 vil nokre av våre elevar delta på ein liten elevkonsert i Kulturhuset Heimen på Hauge. ( Kinoen) Det vert ein variert konsert med elevar på treblås, piano, gitar , song og band. Vi håpar både føresette og andre elevar kjem for å høyre på . Det er gratis inngang for barn / ungdom men vaksne betaler 50 kr i inngangsbillett i døra.

Ikkje alle elevar skal vere med denne gongen – i løpet av året skal alle våre elevar få delta i framføringar , små eller store. Til sommaren kjem den store konserten vår – men denne måndagen vert konserten litt mindre med færre elevar på scena. Velkommen skal de vere!
