Konsert i Heimen

Vellukka konsert i Kulturhuset Heimen

Elevar frå Bremanger og Kalvåg hadde konsert tysdag 21.mars. Dette var første gong vi har slått saman Kalvåg og Bremanger elevar til ein felleskonsert. Kulturskulen er inne i ei konsertperiode i mars der vi prøvar å ha konsertar på fleire stadar i kommunen. Torsdag same veke er det Svelgen sin tur.

Det er stas å få spele på den fine scena i Heimen med fint scenelys, god lyd og eit nydelig flygel til bruk for små og større hender. Publikum har gode stolar å sitje på og det vert ei intim atmosfære med stolane i amfi.

Nokon spelte for eit større publikum for aller første gong denne tysdagen  og det ligg mykje spenning og nervar bak ei slik framføring ; meir enn vi kanskje klarer å forestille oss. Å få spele for eit publikum er ein del av opplæringa vi  gjev – men ingen vert pressa til det. Men all erfaring viser at mange yter meir før ein konsert og at ein som regel veks personleg etter ei slik oppleving.

På denne konserten var Grete  konferansier og lærarane Elisabeth, Fay, Einar ,Tore, Maurizio, Norvall og Jarle losa elevane sine på scena.

 

Kommenter innlegget