Elisabeth Solbakken

IMG_1343Eg heiter Elisabeth Solbakken – født og oppvaksen i Bremanger. Eg kom til verda i 1969 og gift med Einar Nesbakk – har etterkvart fått ein stor familie med både eigne barn/barnebarn og Einar sine barn/barnebarn tilsaman ein stor flokk etterkvart.

Eg er ein av «veteranane» i kulturskulen. Var sjølv elev her når kulturskulen var ny og heitte Bremanger musikkskule. Eg var elev her  i 1983-85 og har sjølv arbeidd her sidan 1993. På 90 talet hadde vi kun to små «musikkskulerom» i «leiligheta» i det eldste bygget på Hauge skule. Dag Solberg var rektor det året eg starta (han var vikar for Norvall) og eg fekk ei «7 % stilling» ( eller liknande)  som dirigent i Bremanger skulemusikk. No har eg avansert ein del og arbeider i ei 100 % stilling som kulturskulelærar.

Har gjennom alle desse åra gjort ganske mykje forskjellig: Til dømes :- korpsdirigent i Bremanger skulemusikk frå 1993-2005, underviser på korpsinstrument (treblås), piano, Musikkleik, Kulturkarusell (musikk)  , fløyte , sang, grunnskulen og dei seinare åra har eg hatt kunstgrupper i Kulturkarusell for 1. og 2.klassingar. Eg driv òg denne nettsida.

På fritida syng eg ein del  , – det kjekt å få utøve sjølv – ikkje berre undervise ! Har det siste året 2017 starta opp eit vokalensemble med 9 flinke og kjekke damer frå heile kommunen. Vi har nettopp gitt oss sjølv navnet Silisium Vokal etter inspirasjon etter Elkem Bremanger si store eksportvare Ferro Silisium.
Har teke noko utdanning på Høgskulen i Sogndal : Musikk , Tverrfagleg estetiske fag (musikk ,drama, kunstfag)

Har sidan 2012 hatt ansvar for iPad prosjekt som elevar på fleire skular har fått delteke i. Dette for å bringe teknologi inni musikkfaget samt gjere det meir attraktivt å drive med mellom anna komposisjon/arrangering.

Livet i kulturskulen er mangfoldig og føler meg priviligert som framleis får lov å «leike meg » med sang og musikk.

pianohus

Bilde frå Panoramio is by FEIYUE SHOP

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s