Elevar og lærar Reidun Øvrebotten inviterte føresette til ei elevutstilling med arbeidet

Sjølvportrett – mixed media Photoshop.
dei har hatt arbeidsåret 2017 / 2018. Tradisjonen tru vart det servert noko friskt og sprudlende i stettglass med jordbær – nytt av året var elevane sin idé om å lage «vandrende kunstverk» i form av ansiktmaling. Reidun vart òg kunstferdig mala.
Den yngste gruppa har dette året vore innom ein god mengde ulike teknikkar; kunstbroderi skulptur , prikkmaling , leire osv.. Noko av målet var å lære fleire grunnteknikkar og innføre nokre kunstbegrep.
Amalie Kvåle Ytre Hauge har dette året vore aleine på ei «gruppe» og ho har fått spesialisert seg i silketrykk. Eit av silketrykk bilda vart sendt til UKM og gjekk så vidare til Fylkes- UKM , deretter til Lands-UKM. Dette er ei stor ære og kulturskulen gratulerer og ynskjer ho lukke til!
To av kunstelevane spelar òg instrument i kulturskulen og dei opna utstillinga med flott pianomusikk og klarinettspel.