Og dette skal vi verkeleg feire – med ei stor forestilling fylt av musikk, dans og kunst
6 og 7. juni markerer Bremanger kulturskule jubileum. Vi er no 40 + 3 år, og tek feiringa litt på etterskot – betre seint enn aldri!
Fruktsalat
I den store jubileumskonserten inviterer vi både korps og barnekor til å delta i tillegg til våre elevar. Første del av konserten byggjer på det svenske konsertkonseptet «Fruktsallad» av Dan og Gullan Bornemark. Vi framfører utdrag frå den originale barnekonserten, med tekstar omsette til norsk.
«Fruktsalat » del 1 (barnekonserten) vert framført av barnesolistar, barnekor saman med korps og band. Sidan vi ikkje har eit symfoniorkester tilgjengeleg, har vi tilpassa arrangementa til våre eigne ressursar – med lokale skulekorps, delar av vaksenkorpset, samt elevar og lærarar i band.
For å styrke korpartia har vi invitert med eksterne songarar. Bremanger barnekor, leia av Jarle Grotle, deltek som hovudkor, i tillegg til fleire solistar frå kulturskulen.
Ungdomskonsert DEL 2.
Etter barnekonserten kjem ein eigen Fruktsalat del 2. (ungdomskonserten) Til denne konsertdelen har vi sjølve sett saman eit repertoar med låtar som har frukt i tittelen – som Watermelon Sugar, Raspberry Beret og Lemon Tree. Her blir det både solistar, band og danseinnslag frå kulturskulen sine eigne grupper.
Førkonsertar og kunstutstilling
Før hovudkonserten «Fruktsalat» blir det fleire mindre førkonsertar – både på hovudscena og ein eigen pianokonsert knytt til kunstutstillinga. Denne helga skal det verkeleg myldre av aktivitet!
Praktisk informasjon
Konsertane/utstillinga blir haldne:
Fredag 05.06.26 kl.17-21- fellesøving i Bremangerhallen på Hauge.
Velkommen til konsert på Hauge , Vi har tradisjonen trú konsert på scena i Heimen i desember. Vi inviterer store og små til ei hyggeleg musikalsk stund. Konserten vert 2 delt -frå kl 17-19 med pause ca 17.50- 18.00. Plan over rekkefølgje på konserten vert sendt ut på sms dagen før.
Velkommen til elevkonsert i Svelgen – lærarar og elevar inviterer til fin konsert i landskapet på ung. skulen – Landskapet måndag 9.des . Velkommen store og små!
Kulturskulen er klar for eit nytt skuleår 2024-2025. Det nye året ser ikkje så mykje annaleis ut enn åra før annen enn at vi har mista 2 dyktige lærarar på visuelle kunstfag, Reidun Øvrebotten og Aud Marit Skarrebo Holmen .
Reidun vart pensjonist i januar og flyttar snart austover nærmare barn og barnebarn
.Aud Marit arbeider ved andre kulturskular i nordfjord/ sunnfjord i tillegg til å vere utøvande kunstnar. Vi kjem til å sakne dei veldig mykje.
I sommar tilsette Bremanger kommune Monica Liseth Hauge i stillinga som lærar i visuelle kunstfag i 50 % stilling. Vi ynskjer velkommen til ein ny kollega og ser fram imot det nye samarbeidet.
Monica har lang fartstid som lærar i grunnskulen og ho gledar seg til å fatt på arbeidet. Ho skal arbeide både i Svelgen og på Hauge.
Ynskjer du elevplass? Vi har ei stor elevmasse og vi har òg litt venteliste. Men det kan endre seg noko i oppstartveka veke 35. Ta kontakt snarast om du ynskjer elevplass i kulturskulen. Vi fyller på der vi kan. Om ikkje set vi deg på venteliste og du vil få ein plass så snart det vert ledig.
Dessverrekan vi ikkje tilby dans dette året. Oda studerer i Bergen dette året og kunne ikkje halde fram som lærar. Om vi får til eit samarbeid med andre danselærarar kunne vi kanskje tilbydd helgekurs eller liknande. Ta gjerne kontakt om helgekurs eller liknande er av interesse.
Endå eit skuleår er snart over og vi avsluttar som vi alltid gjer med sommarkonsertar på Hauge og i Svelgen. Konserten på Hauge vert i Kulturhuset Heimen og i Svelgen vert den i landskapet på Svelgen skule. Vi ynskjer velkommen alle som vil høyre på elevane sine innslag. Vi oppfordrar til å sitte i ro under konsertane ( dvs ikkje reise seg og gå midt i konserten) Det er viktig at alle elevane får eit publikum å spele for. Velkommen skal de vere.
Sommaren nærma seg og i Davik vert det i neste veke elevkonsert for våre elevar i indre Bremanger. Vi møtast i gymsalen på Davik skule. Håpar på stort oppmøte av familie og vener , om ikkje sola skine som på plakaten så skal vi likevel prøve å dele ut litt sommarvibbar til dykk, Vi gleda oss! Velkommen!