Tor Olav Heldahl

«Musikken kan bygge ei bru der orda vert fattige eller eit hinder,

– musikk kan bli eit språk der anna språk manglar. «

Eg heiter Tor Olav og kjem opprinneleg frå Grimstad; det blide sørland.Vaks opp på ein liten gard, Snøhommer, i potetbygda Reddal. Var elev ved musikkskulen i Grimstad nokre år, der eg lærte fiolin. Seinare fekk eg óg timar i piano hos ein privatlærar i heimbygda. Eg hugsar ikkje når eg hadde min siste time og deltok på min siste elevkonsert i fiolin og piano. Ein ting som er sikkert, er at min første kjærleik blant musikkinstrumenta fekk meir av mitt engasjement og mi tid. Først var det luft-trommer, men i 11-12-årsalderen fekk eg eit trommesett til jul. Gleda var sjølvsagt stor. I starten sto det på soverommet mitt, men havna etter kvart på låven…. Ikkje aner eg koffor 😉 Trommene blei flittig brukt likevel. Hadde masse kassettar (jepp, ikkje verken CD eller mp3) som eg øvde til. Mykje av musikken kom frå eldste storesøster Signe. Eg har gitt ho mang ei fortviling med å slite ut favorittplatane og -kassettane hennar. Kjefting og smelling til tross: Ikkje ein gong all verda med dårlig samvit over utslitte platar og kassettar kunne hindre meg i å spele dei meir og øve, øve, øve. 
Tidlege favorittar: Supertramp (spesielt Live in Paris), Alan Parsons Project, Mezzoforte (spesielt No Limits), Spandau Ballett (spesielt Through the Barricades), Petra (spesielt More Power To Ya og Not of This World).

Yngste storesøster Johanna hadde ein greatest hits-kassett med Pink Floyd. Den gong såg eg på det som litt skumle greier, men seinare har det blitt ein klar favoritt.Seinare favorittar: Yellowjackets (spesielt The Spin), Sting, Peter Gabriel (spesielt So), Phil Collins, Genesis, Steely Dan, Frank Zappa m.fl.
Heller nylege favorittar: Nik Kershaw (spesielt The Works), Joni Mitchell (spesielt Wild Things Run Fast), Highasakite, Steely Dan (igjen, denne gong spesielt Aja)
Har opp igjennom vore med på utallige gudstenester, møter og konsertar i mange forskjellege forsamlinger og anten spelt trommer i lovsangsband eller kor-band. I vaksen alder har eg halde fram med dette så sant det er mogleg, men skulle gjerne gjort meir av dette. Utover det, så har det blitt ein del ymse bandprosjekt i åras løp: Thundrer (eit folkemusikk/metal-prosjekt på Sandane). Colwater Groove Company, nokre vener og felles kjende, eit blues-prosjekt. Har óg hatt nokre vikaroppdrag med dei lokale heltane i Spik Adel, samt vore med i orkester for Juletøtteshow, Sommershow, og konsertar med kammerkor, songlag, musikklag, og sist men ikkje minst, for Silisium Vokal. Himla mykje kjekt som blir tromma i hop her ute i havgapet, altså 🙂

Eg har altså hatt nokre trommeelevar i Kalvåg dei seinare åra, men er óg musikkterapeut i Bremanger kulturskule. Eg har nokre elevar samt det faglege ansvaret for Lisje Laurdag/Tutti-Frutti-gjengen. Sistnemnte har vore ein opptur av dei sjeldne og ein fin inngangsport til musikkterapien for nokre som elles aldri ville visst ka det går ut på. Hovudpoenget med musikkterapi er å gjere kvardagen litt betre for eleven gjennom deltaking i song, samspel, lytting, eller samtale om musikk og identitet. Når ein tenkjer etter – musikk har spelt ei rolle i livet til dei fleste; om dei måtte eller ynskja det sjølv, stor eller lita, medstraums eller motstraums… Musikken kan bygge ei bru, der orda vert fattige, eller eit hinder, kan bli eit språk der anna språk manglar.