Øve heime?

 

«ØVING gjer mester» – Eit gamalt ordtak med mykje sanning i seg. enfant musiqueDu har eit barn/ein ungdom som er elev i kulturskulen vår. Korleis kan de bidra til å gjere dette til ein positiv oppleving – ikkje berre i starten når det meste er enkelt men etterkvart når det vert vanskelegare å spele?

Det viktigaste grunnlaget vert lagt i speletimen – snakk gjerne med læraren om de lurer på noko. Læraren kan gje deg råd og tips på korleis ein kan legge til rette heime.

Den andre store delen av  «jobben» gjer de heime – og oppgåva til føresette er å legge til rette på best måte. 1)Minne eleven på å øve 2)oppmuntre og støtte  eleven 3) positive tilbakemeldingar.4) spør eleven om kva han /ho har spelt på timen sin etc. og kva som er lekse til neste gong.

MINN ELEVEN PÅ HEIME ØVING, MEN IKKJE MAS

Barn tek som regel ikkje ansvaret for si eiga øving før dei er 9-10 år. Du må minne dei på å øve, og det kan ofte vere nok å seie: ”Skal vi spele?”, eller ”Hugs at du må øve litt”. Det at barnet sjølv ikkje tek initiativ til øving, behøver ikkje bety at dei ikkje er interessert! Dei er ikkje modne nok for ansvaret.

Mas er sjeldan motiverande. Krangling om øving er også negativt og fører sjeldan fram.

FINN TID TIL Å ØVE

For dei aller fleste fungere det best med faste øvingstider heime. Ha gjerne instrumentet ståande framme/ lett tilgjengeleg (blåseinstr.) og invester gjerne i eit notestativ. Om eleven vil spele slik at du skal høyre på ( det kan vere motivasjon i det ) så får de tåle det for den faste tida dette foregår. Klarer de å ha faste øvingstider så får barnet lettare framgang.

Lag ei avtale med barnet for faste øvingar heime, helst kvar dag. (Og helst når de sjølve er heime) Å legge øvinga etter eit måltid er ofte lurt. Då er barna ofte heime allikevel, har meir energi og behøver ikkje å avbryte leik med kameratar for å øve.

DELTA AKTIVT –  KONSERT HEIME I STOVA

Du kan vere ei støtte for eleven i øvinga. Dei vil ynskje det berre du er positiv og ikkje autoritær/dømmande. Musikk er en utøvande kunstform. Be gjerne eleven om det kan fremføre noko av stoffet den jobber med? Å leike at ein speler konsert heime, utan at det er så alvorleg, har ofte ein stor verdi både for barn og vaksne.

BEVAR DEN GODE STEMNINGEN 

unknown

illustrasjonsfoto

Som regel er det betre dess meir du involvere deg. Sit gjerne saman med eleven under øvinga om dei ynsker det. Bit tenna saman og prøv å tåle frustrasjonar og utbrot frå eleven dersom den møter veggen.

ELEVEN HAR IKKJE LYST  TIL Å ØVE

Det alltid vil gå opp og ned med spele/øvelysta utan at eleven har tenkt å slutte av den grunn. At øvelysta variere, er heilt naturleg.

For å halde motivasjonen oppe, må eleven få passeleg vanskelege oppgåver og helst velge ein del av spelestoffet sjølv. MEN det må ikkje vere for vanskelig for eleven å spele det.

Øvingen bør vere ei blanding av målretta øving og speling, leik eller eksperimentering. Det kan nokon gongar vere lurt å seie at eleven berre treng å øve 5 – 10 minutter, og at det kan starte med å spele «noko det kan /det kjekkaste» først. Det aukar inspirasjonen, speletida vil då kanskje auke til 15-20 min likevel. Som regel er det morosamt når ein først kjem i gong!

Snakk  med eleven og prøv å finn ut kva som er problemet. Har det for mange konkurrerande aktivitetar?

Er det for mange som høyrer på og evt. kommentere øvinga?

Er stykkene for vanskelege eller uengasjerende? Snakk med læraren. Det kan som regel ordnast.

SLIK ØVER NYBYRJAREN

Nybyrjarar øvar ulikt frå meir erfarne musikantar. Dei må repetere mykje, og det er heilt naturleg fordi dei har meir enn nok med koordinasjon av fingrar , munnstilling , pust, lesing av notar og å hugse korleis musikken skal spelast. Ein trener ofte finmotorikk – og det trengs mykje repetering.

Det er som regel ein god øvingsstrategi å ta føre seg problema først og spele kjente stykker etterpå. ( Det motsette om eleven er umotivert til øving ) Variasjon er uansett eit nøkkelord!

Det er viktig å vere klar over at det ikkje berre er sjølve øvinga som gjev resultat. Haldninga eleven har til seg sjølv og sine prestasjonar verkar sterkt inn. Tenkjer eleven negativt og defensivt, kan framgongen verte svakere. Er eleven lite motivert, har lave tankar om si eiga evne eller føler at det spelar kun for lærarens eller foreldra  si skuld, så vert det ofte dårlege resultat.

KOR OFTE BØR ELEVEN ØVE? 

Vi anbefalar gjerne at elever øvar same dag dei har vore på speletime – og helst minimim 10 min pr dag.  Om nokon gjerne øver 30 min  annakvar dag er dette sjølvsagt veldig bra òg. Vi er ulike. Men ikkje vent med å øve til dagen før speletimen. Då har eleven gløymt det meste av det som vart snakka om/spelt på timen.

Hjerneforskning vise at når ei oppgåve utførast går den først inn i korttidsminnet. Når oppgåve repeteres igjen i løpet det neste døgnet oppfattar hjernen at oppgåva er viktig og lagrar den i langtidsminnet som «erfaring» som kan benyttes igjen. Med for lang tid i mellom øveøktene blir erfaringa gløymd og må gjenlærast. Det kan òg vere lurt å  øve sjølv om det er ferie.

ROS OG OPPMUNTRING

Barn som spelar, treng positiv feedback. Men overdreven bruk av ros kan òg virke mot si hensikt, det irriterar og rosen synk i verdi. Barnet kan sjølv ofte fortelje kor mykje ros det ynsker. Falsk ros er lett å gjennomskue, mens ekte begeistring varmer!

RETTING AV FEIL

Nokon elevar tykkjer det er fint at du rettar, nokon vert irriterte og vil at kun læreren skal seie ifrå. Snakk eventuelt med læraren om korleis du skal takle dette heime.

DIGITAL HJELP

I 2016 kan internett og digitale hjelpemidler vere til stor nytte for øving. Ein har idag stor tilgang på opplæringsvideoer og opplærings-apper. (app : eit lite dataprogram på nettbrett/mobiltelefon) Bruk tid saman med barnet/ungdomen din for å leite etter desse.

Ein kan finne digitale notar og «privat lærerar» på nett. You Tube har eigne opplæringsvideoar av svært ulik kvalitet og ein finn eigne apper på nettbrett.  Søk f.eks. på»How to play»piano/flute/clarinet etc. Leit gjerne òg etter eigne appar  som går ut på å lære notar. (søk : learning musicnotes/how to read sheet music ) Desse appane er det svært varierande kvalitet på , prøve gjerne fleire. Til meir kunnskap føresette har til betre er det. Vi kan legge ut tips på nettsida om dei ulike nettsidene /appane.

SAMARBEID LÆRAR/ELEV/FØRESETTEwind-instrument-cartoons-wind-instrument-cartoon-wind-instrument-42moso-clipart

Vi ynskjer deg lukke til som støttande foreldre/føresett i kulturskulen. Og hugs – ikkje nøl med å kontakte oss om de har spørsmål ang øving eller andre ting.

Tips henta frå boka ”The child as musiscian – a handbook of musical development” av Gary E McPherson (2006 og  Bente Bogen i samarbeid med Dean Stalled

– omskrive , lagt til og tilpassa av Elisabeth Solbakken – lærar i kulturskulen i Bremanger. 

Bremanger november 2016 

Kommenter innlegget