Historisk kjolekurs

Nokon har venta lenge på dette kurset og endeleg vart det realisert.

Det vart ikkje så mange påmeldte men vi valde likevel å køyre i gong med kurset. 4 damer er igong med produksjon av vakre historiske kjolar.

shop_no_bergen

Stoff og Stil , Åsane Bergen

Første del av kurset er teikning , ta mål og få kjøpt inn dei naudsynte materiale som trengs. Det vart ein studietur til Bergen for nokon av kursdeltakarane  – ein dag på den store stoffbutikk-kjeden «Stoff og Stil» gjer susen. Der har dei utvalget og timane kan bli mange om ein skal komme igjennom alt som er der.

Etter innkjøp av tekstiler i vakre fargar er det klipping av mønster og tilpassing.
Det er ein stor
fordel å sy delane først i eit lerretsstoff slik at ein ser at mønste
ret passar til din kropp. Ei prøvedukke er ikkje så domt å ha når ein skal prøve på ulike deler og ikkje minst montere heile kjolen.

IMG_6522

«Anna Prøvedukke»

Kurset vert arrangert i Kulturhuset Heimen  med den eminente Reidun Øvrebotten som kurshaldar. Reidun har utdanning innan saum/tekstildesign og har i mange år vore lærer i dette faget på Elverum vidaregåande skule. Ho er slett ikkje ei novise og har svar på det meste du lurer på innan faget.

Kurset er ikkje ferdig før midten av april og mykje skal skje på kurskveldane før den tid. Vi håpar sjølvsagt å bli ferdig med alle kreasjonane i god tid.

 

Kommenter innlegget