Pris / satsar 2021/2022

Bredde-program:

  • Korps i skulen *Gratis for eleven
  • Kulturkarusell *Gratis for eleven

Kjerne-program:

Undervisning ein til ein, eller i gruppe, undervisningsstida varierer mellom faga men går føre seg ein gong i veka.

  • Instrument
  • Song
  • Visuell kunst
  • Musikkterapi
  • Band
  • Kor
  • Musikal

Pris for eitt skuleår:

kr 3600

(Kr. 900 pr. kvartal)

Fordjupings-program:

For nokre elevar kan vi tilby plass i fordjupingsprogram. I slike høve tar kulturskulen kontakt med føresette.

  • Visuell kunst
  • Instrument og song

Kulturskulen har søsken og aktivitetsmoderasjon:

Første søsken/aktivitet:   20 % moderasjon

Andre søsken/aktivitet:   40 % moderasjon

Siste innlegg

Kreativitet i kulturskulen

🧵 Syglede og berekraft i Heimen

Denne hausten har vi hatt oppstart av sykurs for åtte ivrige nybyrjarar i saum! Kurset er for dei som ikkje har sydd på symaskin før, og vi har tatt for oss det heilt grunnleggjande innan saum – frå å bli kjend med symaskina og alle funksjonane ho faktisk har, til å lære ulike teknikkar og sy enkle prosjekt.

Vi har mellom anna sydd toalettveske, forkle og gryteklutar – enkle nybyrjarprosjekt som er overkommelege, men som ein samtidig lærer mykje av.

Målet er at deltakarane skal få lyst til å halde fram med å sy også etter kurset. For det å kunne sy er ein nyttig ferdigheit. Kanskje kan du reparere eit plagg i staden for å kaste det? Legge opp ei bukse? Sy inn ein kjole eller ein topp? Eller lage ei gåve til nokon du er glad i?

Å kunne sy er også eit godt miljøtiltak. På kurset snakkar vi om berekraft, kvalitet på stoff og dette med bruk og kast. Kan plagget reparerast? Kan det syast om til noko anna? Må det eigentleg kastast?

Vi lærer også om materialval og verdien av å bruke naturmateriale framfor plastbaserte tekstilar. Mange av kleda vi kjøper i dag inneheld mykje plast, og derfor er det viktig å bli meir bevisst på både kvalitet, materialar og kor lenge plagga kan brukast.

Det viser seg at vi har fått ei svært ivrig gruppe damer på kurset, og sykurset held fram til byrjinga av februar. 🪡

Parallelt med sykurset har vi også opne sykveldar på Kulturhuset Heimen. dei har no skipe ein frivilleg organisasjon som heiter Heimen Tekstilverkstad. Desse kveldane er opne for alle – både nybyrjarar og dei som har sydd mykje før. Dette er ikkje eit kurs, men ein sosial møteplass der vi kan sy saman, utveksle erfaringar, få nye idear og rett og slett møtast rundt symaskinene.

Ein vil òg ha «Strikkekafé» , der glade strikkarar kan møtast i sofakroken for strikk/hekling og hyggeleg prat.

Det er kjekt å kunne vere med og skape aktivitet i bygda, og vi håpar at både sykurset i regi av kulturskulen , Strikkekaféen/ sykveldane kan bidra til at endå fleire får lyst til åvere sosiale og skape trivsel i Bremanger❤️🧵

  1. Ledige elevplassar hausten 2026 Legg att eit svar
  2. Sykurs for ferskingar! Legg att eit svar
  3. Kulturskulen er 40 + 3 år Legg att eit svar
  4. Årets elevkonsertar på Hauge, Svelgen og i Davik! Legg att eit svar
  5. Dans med Ane Jørgine Legg att eit svar
  6. Velkommen til nytt kulturskuleår 2025/2026 Legg att eit svar
  7. Sommarkonsert 2025 Legg att eit svar
  8. Snart er det tid for konsertar og utstillingar! Legg att eit svar
  9. Elevkonsert i Kulturhuset Heimen , Hauge Legg att eit svar
  10. Elevkonsert i kulturskulen -Svelgen Legg att eit svar
  11. Ledige elevplassar på kunst og gitar Legg att eit svar
  12. Ledige plassar på kunst – Hauge og Svelgen! Legg att eit svar
  13. Nytt kulturskuleår 2024-2025 Legg att eit svar
  14. Sommarkonsert 2024 Legg att eit svar
  15. Utvidar dansetilbodet på FRYSA gym Legg att eit svar
  16. Godt nyttår med nytt dansetilbod i Ytre Bremanger Legg att eit svar
  17. KONSERT HAUGE 13 desember 2023 Legg att eit svar
  18. Ledige elevplassar i kulturskulen! Legg att eit svar
  19. SOMMARKONSERT I DAVIK Legg att eit svar