Diverse bildeglimt hausten 2018
Det er mykje som skjer i kulturskulen – vanlegvis ser de berre «framsida» på konsertar og utstillingar men den verkelege kulturskulen er alle dei vanlege dagane der elevane kjem på speletime, dansetime , kunstaktivitetar etter skuletid. Til saman gjev vi mange born og ungdomar eit kulturbasert fritidstilbod med til saman svært mange timar pr veke. Vi møter born og unge frå 5 til 16 år , kanskje t.o.m. eldre enn det. Og vi underviser på mange ulike stadar i kommunen , så sant det går an.
Denne hausten har vi òg eit kommunalt prosjekt for barn og unge 8 – 26 år – frå mange land men busette i Bremanger kommune inkl nokre norskfødde barn/unge. Med alle dei reiser vi til eit endå større samarbeid – nemleg til Operahuset Nordfjord . Og prosjektet heiter Fargespel og har hadde sitt opphav i Bergen for nokre år tilbake. Dette er nytt for oss og veldig spennande- vi gledar oss til fortsettelsen. Forestillinga vert i Operahuset i april.
Øve på blindteikning – teikne utan å sjå kva du teiknar. Blindteikning Blindteikning Ein av våre nye elevar på piano hausten 2018 Kosedyra på besøk på Kulturkarusell Lærarar på kurs i Bergen – dyktig pianist frå Bergen kulturskole Angy arrangerte Forteljar kafé etter idé av Norvald Tveit Fargespel i Nordfjord – Bremanger er med!