Tilbod for barn og unge i Bremanger

Kultur karusell
for 1. og 2 klasse
Grunnleggande opplæring i musikk og visuell kunst. Vi brukar mykje leik , dans ,teater som verkemiddel.

Visuell kunstfag
Frå 3 klasse.
Vi underviser på Hauge og i Svelgen.

Aspirant i korps
Frå 3 klasse.
Vi underviser i alle blåse og rytmeinstrument. Blåseundervisning ofte i samarbeid med grunnskulen.

Instrument opplæring
Frå 3 klasse.
Vi underviser på dei fleste instrument i kulturskulen : Sang, gitar, piano, trekkspel , slagverk, bassgitar, tverrfløyte

Band
Dette er for elevar som allereie går på eit anna instrument inkl sang
Kulturskulen set saman grupper etter besetning/ alder.

Anna samspel
For elevar som spelar instrument/syng i kulturskulen
Avogtil er det ikkje berre det tradisjonelle bandet som fenger- vi kan sette saman andre typer instrument/sangarar med ulike musikkstilar. Foreksempel gruppesang