Ei lett omskriving av teksten til Sommar og skolefri vart til » Sommar og ferietid».
Og så vart det ferie gitt…
Ei lett omskriving av teksten til Sommar og skolefri vart til » Sommar og ferietid».
Og så vart det ferie gitt…
Tradisjonen tru vert skuleåret i kulturskulen avslutta med fin sommarkonsert med elevar og lærarar. Og desse elevkonsertane har vi ofte hatt i Kulturhuset Heimen fordi det rett og slett er den finaste scena vi har i bygda. Og vi har eit håp om at vi kan framleis kan behalde den slik den er idag.
Elevane som deltok på konsert i 2022 var Kulturkarusell (elevar frå 1&2 kl) , aspirantar, blåseelevar frå Bremanger skulemusikk, pianoelevar , sangelevar, gitar, bass og tromme elevar. Lærarar i ytre er Raimund, Einar, Grete, Elisabeth , Jarle og Fay. Rolv Arne Vedvik er trommelærar etter at Maurizio Varano gjekk av med pensjon i vinter.
Lærar Reidun Øvrebotten saman med sine elevar på kunst!
ELEVAR ER STRAKS KLARE FOR FRAMSYNING AV KUNST OG MUSIKK
Først ut er Svelgen med sine kunst og musikkelevar. Kunstutstilling på Øyratunet Svelgen, tysdag 31. mai kl. 18.00! Elevane på kulturkarusell og visuell kunst (Bremanger kulturskule i Svelgen) viser eit utval arbeid dei har laga siste halve året. (1. – 10. klasse)
Musikkelevane i Svelgen skal ha konsert i Landskapet på Svelgen skule ( ungdomsskulen) Lærarar og elevar framfører musikk dei har øvd på sidan nyttår. Vi håpar store og små møter opp – det alltid kjekt å få vise fram det vi har jobba med så lenge. Det er verkeleg lønn for strevet.
Kursleiar Reidun Øvrebotten er utdanna innan tekstil/design/saum og har mange år bak seg som lærar på vidaregåande linje Design og tekstil på Elverum.
Kurskveldane forgår i Heimen – på galleriet og på verkstaden. Deltakarane har med eigne symaskiner som står der så fint på rekke og rad.
Deltakarane på redesign kurs på kulturskulen klaga på alt for lite tid – nettopp fordi det er så KJEKT å vere med. Kurskveldane på 3 timar fyk av garde. Knapt tid til å drikke litt kaffi før kvelden er over. Og det er meiningsfullt med tanke på kva overflodssamfunn vi lever i. Vi må lærer å utnytte dei ressursane vi har betre.
Deltakarane har valt litt ulike oppgåver som f.eks OMSAUM av kle. F.eks sy ein kjole om til eit skjørt, sy babyklær av herreskjorter, sy veske. Underteikna syr om vaksne sommarkjolar til barnekjolar med håp om godt kjolevér til sommaren. Gamle stoff som har blitt innkjøpt for mange år sidan har òg komme til sin rett – vi er nok ikkje aleine om å ha liggande mange ulike «prosjekt» som aldri har vorte gjennomført. Dette kurset var «pushet» vi trengte for å komme i gong med sying.
På karusell gjer vi mange forskjellige ting – vi syng, dansa , leikar , spelar på rytmeinstrument.
I februar malte dei valentinehjerter sidan vi var på verkstedet på sjølve dagen. Det er kjekt å komme inn på det koselige verkstedet vi har i Heimen, der har vi alt vi treng av utstyr på ein plass.
Sluttresultatet av alle dei malte hjerta får de sjå seinare dette året då vi skal sette det saman til noko større.
Kulturskulen har ledige plassar på Hauge
Du lurer kanskje på kva kulturkarusell er?
Dette er kulturskulen sitt tilbod til dei yngste. På kulturkarusell får borna smakebiter av dei ulike estetiske faga ved å leike med sang, rytme, drama, dans og kunstfag (teikning / maling / forming). Til eksempel laga vi i fjor vårt eige dukketeater med dukker elevane hadde laga sjølve. Vi hadde òg kunstutstilling med tema «Verdensrommet». Borna får òg delta på elevkonsertar med sang og musikk.
På Hauge er undervisningstida måndagar eller tysdagar i 6. timen. (Dvs. Kl.13.30- 14.15). Undervisningsrom er på kulturskulen på Hauge skule (i kjellaren på und.skulen) og kunst har vi i kjellaren på Kulturhuset Heimen. (kinoen)
Lærar hentar elevar på SFO/ skulen kl 13.25 og dei vert følgde på skulebussen kl.14.20.
Lærar er Elisabeth Solbakken.
Alle som er interesserte må først ringe / SMS til Raimund Hoclas mobilnr. 948 44 885. I tillegg må de registrere eleven/dykk på vår elektroniske innmeldingssystem https://bremanger.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kulturskule/.
Håpar vi ser nye born på karusell
Video laga av Norsk kulturskoleråd
Kjære foreldre/føresette til elevar i Bremanger Kulturskule:
Vel overstått sommer! Bremanger Kulturskule ønsker alle en super start i det nye skuleåret. Vi gleder oss til en ny sesong i Kulturskulen.
Oppstart av all undervisning etter sommerferien blir den 30.08.2021 (Uke 35).
De vil få info om oppmøtetid av læreren deres i uke 34.» Alle spørsmål kan rettes mot rektor Raimund Hoclas, mob. 94 84 48 85.
Hugs påmeldingsfrist 20 august!
https://bremanger.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kulturskule/
Da takker jeg for meg etter 11 år som rektor i Bremanger Kulturskule og ønsker Raimund Hoclas lykke til som ny leder!
Jeg har kost meg veldig i kulturskulen, den er full av kreative engasjerte og dyktige lærere og fantastiske elever som inspirerer meg hver dag! Derfor fortsetter jeg heldigvis i kulturskulen, men nå som lærer! Gleder meg skikkelig.
Ny rektor: Raimund har etterkvart lang fartstid som lærar i kulturskulen- med bass som hovedinstrument. I tillegg underviser han i band, har messing- elevar, er musikklærer i grunnskulen og korpsdirigent. Han skal heldigvis fortsatt undervise ein del, sjølv om han no blir leiar!
Grete forsvinn ikkje frå kulturskulen, ho er attende som lærar og prosjektleiar. Ho gler seg til å starte opp att barnekoret i Svelgen for 1.-4.klasse og ho skal også undervise i «Sangmoves» og ha songelevar. I tillegg blir det teaterprosjekter og songaktiviteter for eldre!
Raimund Hoclas , ny rektor
I år avslutta vi med ein stor digital konsert og framsyning av kunstutstillingane vi har hatt i vår. Nesten alle elevane våre har delteke på ein eller annan måte. Dette er komme i stand pga Coronarestriksjonane -fysiske konsertar har vore svært vanskeleg å gjennomføre det siste halvanna året.
Sjølve digitalkonserten har kulturskulelærarar produsert/ redigert sjølv utan innleigd hjelp. Kun ein utanom som hjalp oss med filming på scena!
Ynskjer alle ein RIKTIG GOD SOMMAR!
Frida er ein av våre eldste elevar og har sidan 1998 vore elev med oss. Dvs i 23 år. Ho har hatt samme lærar heile tida utanom nokre vikarar i ny og ne.
Instrumentet ho spelar er keyboard , ho har slitt ut 2 keyboard frå før -ho er no på sitt 3. – eit Roland keyboard. Frida bur i Hogslia , ikkje så langt frå kulturskulen sine lokaler. Frida er alltid tidleg ute og står som regel å ventar når læraren kjem.
Vi riggar oss klar til time etter å ha fått av alle ytterklær , manøvrert treffsikkert inn på kontoret med rullestolen sin. Keyboardet må på stativ og notestativet står klart med permen FRIDA som vi laga til for 20 år sidan. Vi blar ofte i den og mimrar litt på «gamle» sangar vi har spelt før. Det er ikkje alle som har vore like vellykka og vi har kanskje gløymt nokre av dei. Men nokon er gjengangarar – som tildømes den Frida spelar på Digitalkonserten; «Friendly» av Jahn Teigen. «Synge du ikkje litt avogtil Frida? » spør eg sjølv om eg godt veit kva svaret er «Nei, eg likar ikkje å synge. Eg syng berre litt når eg er aleine. Eg sang ein gong når eg gjekk i 7 .klasse når vi gjorde nokre lydopptak. Men det var din feil Elisabeth», ler Frida.
For nokre få år sidan fekk Frida det ærefulle oppdraget å representere kulturskulen når statsminister Erna Solberg var på vitijing i Kalvåg. Det vart ein flott dag å ha i minneboka. Då spelte Frida keyboard og Oline Strand Senneseth sang saman med lærar Elisabeth og rektor Grete. Og sangen var faktisk «Friendly» den gongen òg.
«Kva sangar likar du å spele no for tida Frida?» spør eg. «Eg har ingen favoritt men eg likar godt ABBA sangar.» svarar ho. Kanskje har det vore ein smule påverknad frå læraren opp igjennom åra.
«Men du har eit soleklart favorittband Frida? » spør eg. » Ja DDE !! » smiler Frida! «Og ryktet vil ha det til at du faktisk har møtt dei fleire gongar?» «Ja» svarar ho tydeleg stolt! «Eg har møtt dei OG teke bilde saman med dei. Har vore på konsert med dei i 2004, 2006 , 2013, 2014 , 2017, 2019 og så skal eg på konsert med dei i 2022!.Det er ein jubileumskonsert i mars – konserten heiter Sirkus DDE»
Ein treng ikkje spørje om ho gleda seg for det tindrar i augene når ho fortel om dette. «Var karane i DDE kjekke å snakke med ? » spør eg. » JA , veldig kjekke» svarar Frida kjapt.
«Kva gjere du på ellers i veka Frida?»spør eg. «Eg ser mykje på data og på TV «svarar ho. «Spesielt ensomt i Korona-tida. men no er eg fullvaksinert og kan vere meir ute.»
«Blir du ikkje litt lei av å gå på kulturskulen etter så mange år Frida?» spør eg. «Nei – kulturskulen er høgdepunktet mitt for veka!» svara ho kjapt medan eg vert varm i hjartet. Det er fint å tenkje på at kulturskulen kan ha ei slik stor betydning for henne.
Frida og lærar Elisabeth tok sommaravslutninga på Farmen iår , med litt CaffeLatte og is til. Det var ei fin stund og praten gjekk som alltid lett og fint. Vi håpar på mange slike fine stunder i framtida både med sang og musikk men òg med våre gode og fine samtaler.
Vi PRESENTERER «Stjernestøv» , ein låt av Aurora i NRK sin julekalender 2020. Vi har spelt den inn med elever og lærarar i desember 2020 som ei julehelsing til alle i kommunen vår.
Ynskjer alle ei riktig god jul ! GOD FORNØYELSE!
Idag har elevane på Kulturkarusell hatt juleverksted i Kulturhuset Heimen.
Dei har mala , klipt og limt til eit flott bilde med eit motiv av ein snømann. Bildet fekk dei med seg heim , – lurer på kven som skal få det ? Kanskje det vert ei gåve til nokon heldige?
Her er eit lite glimt frå ein vanleg pianotime hausten 2020. Vi skulle egentlig ha filma heile «seansen» ifrå elevane kjem inn. For først må dei vaske seg eller sprite seg og lærar må vaske alle flater inkl. pianotangentar , dørhandtak og stol . Det skal nemleg vere heilt trygt for borna å komme til oss på speletimar.
“Øving gjer meister” –
Du har eit barn/ungdom som er elev i kulturskulen vår. Korleis kan de som føresette bidra til å gjere dette til ein positiv oppleving?
Det viktigaste grunnlaget vert lagt i speletimen; den andre store delen av “jobben” gjer de heime – og oppgåva til føresette er å legge til rette på best måte.
Her er våre aller beste tips til at dette vert ei positiv oppleving for både barn. lærar og føresette:
Ta kontakt med oss om de treng hjelp med noko!
Tysdag 7.april 2020
Lærarar og elevar i kulturskulen har i løpet av dei 3 siste vekene funne nye måtar å arbeide på. Det har vore utfordrande, men òg spennande og lærerikt.
Takk til lærarane for kreativitet og innsats for å finne nye måtar å arbeide på, takk til elevane for engasjement og måten de har tatt imot undervisninga på, og takk til føresette for tålemod og samarbeidsvilje.
God påske til alle🐥
Ta godt vare på kvarandre🧡
Mvh Grete
Først vil vi seie velkommen tilbake til kulturskulen sine sider , sida har lagt nede ei god stund pga tekniske problem. Men no er vi oppe og går igjen heldigvis!
Koronaepidemien
Koronapandemien har ramma kulturskulen på lik linje med alle skular og barnehagar. Ingen veit kor lenge dette vil vare men i mellomtida vil nokon av kulturskulelærarane prøve med nettundervisning. Vi vil nytte same digitale plattform som skulane i Bremanger kommune har teke i bruk denne veka- nemleg videochatteprogrammet «Hangouts» i GoogleSuite.
Elevane vil få innføring i innlogging/bruken av programmet , så testar vi ut korleis det fungerer med speling/lyd. Om ikkje dette fungerer finst det alternative program som har svært god lydkvalitet samanlikna med andre.
Kunstelevar har fått heimeoppgåver , aspirantar og andre blåseelevar har fått ØveBingo! Læraren din tek kontakt med deg om kva opplegg du får. Mange elevar må rekne med å arbeide på eiga hand men læraren er uansett tilgjengeleg for spørsmål/hjelp så langt det let seg gjere.
Mange fellesaktivitetar må settast på vent no i denne tida men det er òg viktig å ha noko fast å gjere utanom skulearbeidet . Då er kunst og musikk ein fin aktivitet som kan få tankane vekk ifrå andre ting.
Ta kontakt med oss om du lurer på noko !