Nytt kulturskuleår 2024-2025

Spenn klare for eit nytt år!

Kulturskulen er klar for eit nytt skuleår 2024-2025. Det nye året ser ikkje så mykje annaleis ut enn åra før annen enn at vi har mista 2 dyktige lærarar på visuelle kunstfag, Reidun Øvrebotten og Aud Marit Skarrebo Holmen .

Reidun vart pensjonist i januar og flyttar snart austover nærmare barn og barnebarn

.Aud Marit arbeider ved andre kulturskular i nordfjord/ sunnfjord i tillegg til å vere utøvande kunstnar. Vi kjem til å sakne dei veldig mykje.

I sommar tilsette Bremanger kommune Monica Liseth Hauge i stillinga som lærar i visuelle kunstfag i 50 % stilling. Vi ynskjer velkommen til ein ny kollega og ser fram imot det nye samarbeidet.

Monica har lang fartstid som lærar i grunnskulen og ho gledar seg til å fatt på arbeidet. Ho skal arbeide både i Svelgen og på Hauge.

Ynskjer du elevplass? Vi har ei stor elevmasse og vi har òg litt venteliste. Men det kan endre seg noko i oppstartveka veke 35. Ta kontakt snarast om du ynskjer elevplass i kulturskulen. Vi fyller på der vi kan. Om ikkje set vi deg på venteliste og du vil få ein plass så snart det vert ledig.

Dessverre kan vi ikkje tilby dans dette året. Oda studerer i Bergen dette året og kunne ikkje halde fram som lærar. Om vi får til eit samarbeid med andre danselærarar kunne vi kanskje tilbydd helgekurs eller liknande. Ta gjerne kontakt om helgekurs eller liknande er av interesse.

Kommenter innlegget