Temakonsert for elevar i kulturskulen i Bremanger/ Kalvåg!
Måndag 9.april var Kulturhuset Heimen heilt stappfullt av elevar , lærarar og publikum. Mellom 25 – 30 innslag vart framført på scena. Gitaristar , ulike blåsarar , sangmoves-elevar , pianistar , trommisar, keyboard og vokal. Og det vart framført musikk frå mange ulike filmar og musikalar. Det var laga film til fleire av innslaga , trailere frå filmar som elevane spelte ifrå. Vi kan nemne filmar som Titanic , Flåklypa, Pippi Langstrømpe, Pirates of the caribbean, Mission Impossible , Olsenbanden og mange fleire.
Tor Olav Heldal var med for første gong som ny lærar i kulturskulen. Ein betre presentasjon kjem seinare.


:

Du har eit barn/ein ungdom som er elev i kulturskulen vår. Korleis kan de bidra til å gjere dette til ein positiv oppleving – ikkje berre i starten når det meste er enkelt men etterkvart når det vert vanskelegare å spele?
Vi starter igjen med kurs i saum av historiske kjolar. Velg di tidsepoke: rennesanse, jugend, antikk eller kanskje barokk??






