Grete Berntzen

Presentasjon av Grete Berntzen

 

Grete Berntzen,   fødd og oppvaksen på flatbøgda på Hedemarken, i Stange kommune.  Med to musikklærarar som foreldre og ein storebror som gitarist var det mykje musikk i barndomen heime hjå oss. Eg kan enno kjenne att dei fleste gitarriffa til Deep Purple etter at bror min øvde på dei ustoppeleg, og eg var på min fyrste Pink Floyd konsert som 13 åring… Pappa drog oss med.Grete rektorbilde

Men det var song som låg mitt hjarta nærast. Eg song i kor frå eg var 9, pappa var dirigent og mamma lagde fleirstemte arrangement til koret. Korsong har alltid vore, og er- ein stor del av meg.

 

Etter musikklinja der eg hadde klassisk song som hovudinstrument drog eg til Oslo på Universitetet og studerte jazzsong med Elbjørg Raknes. Eg fullførte musikkstudiet på Griegakademiet i Bergen der eg tok hovudfag i Etnomusikologi, eg studerte 3 månader i Sør Afrika og skreiv hovudoppgåve om eit utviklingsprosjekt Norges Korforbund dreiv de

Då hadde eg allereie møtt mannen i mitt liv, som var frå Kalvåg, så då gikk ferden vidare -til Kalvåg. I dag har vi to born, Selma og Sigurd og trivast veldig veldig godt. «

Eg dirigerar for tida Svelgen songlag, Kalvåg songlag(damekor).

Eg synest det beste med jobben i kulturskulen i Bremanger er å sjå elevar utvikle seg musikalsk men og som menneske. Dei blir tryggare på seg sjølv gjennom å stå fram å spele og synge for andre. Også har eg utruleg inspirerande kollegaer.

Skulle gjerne ha

-gått på Madonna eller Beyoncekonsert i Bremangerhallen en

laurdag.

-fått med meg en søndag ettermiddagskonsert med Sigrid Moldestad i Heimen

-høyrt Trio de Janeiro på Lasses kro i Svelgen.

-sett Carte Blanche danse forestilling her i bremanger,

-gått på utstilling med Oddvar Torsheim sine verk…

Kommenter innlegget