Hei, eg heiter Monica Frøyen og er frå Kalvåg.
Forlova med Håkon Arne Vadøy.
Dirigent for Kalvåg Skulemusikk og Kalvåg Musikklag. Speler også i Flora Bremanger Brass Band.
Har fått utviklingsstipend frå Sparebanken, heiderspris frå NMF 2003 for mitt korpsarbeid og miljøskaparprisen frå NMF 2011.
August 1992 begynte eg å jobbe i kulturskulen. Då tok eg over som dirigent for Kalvåg Skulemusikk. Seinare også aspirantopplæringa.
Eg underviser i blåse instrumenter, kornett er mitt hovudinstrument.
Eg er oppvaksen i ein musikalsk familie. Der kor og korps var veldig sentralt.
Mor mi speler fortsatt, ho speler euphonium i Kalvåg Musikklag.
Nesten alle i min familie er aktiv innan musikk. Eg har ei dotter, Marlene, som også er veldig aktiv. Ho speler euphonium og er med i 5 korps.
Det som inspirerer meg er dei unge aspirantane mine, dei håpefulle auga deira. Alltid spenn klar til ny musikktime.
Eg har alltid drømt om å kunne få jobbe med musikk. Kan ikkje tenke meg noko anna å jobbe med. Så eg har fleire gonger tenkt på at eg er veldig heldig som har musikk som min jobb.
Det som eg synest er det viktigaste med min jobb er å motivere og engasjere barn og unge til å trivast med musikk og kunne vere i eit fellesskap med mange andre med same interesse.