Hurra ! Nok ei 30 års feiring er over – denne var tysdag 30.april på Hauge skule. Det var eit rikhaldig program -alt frå Duedans til Debussy spelt av Nora Klungresæter. Og med proff lysmann med på laget vart det ein ekstra spiss på arrangementet.
Musikkleik og musikkarusell gruppene både i Kalvåg og på Hauge opna heile forestillinga med 3 songar som alle handla om båt , bårer, hav ..Etter det var det dansarane sin tur med dansarar både frå Bremanger, Svelgen og Kalvåg.
Eit akkustisk piano vart henta for at 2 pianoelevar skulle få best mogleg instrument å traktere.
Så gjekk det «slag i slag» med mange ulike sceeinnslag frå gitaristar,band, pianistar, althornistar, bassistar, songarar og trommisar. Det var ein del uro ei periode pga mengda småborn men det er slikt ein må rekne med på ein slik «stormønstring».Vi er godt nøgde med denne delen av 30 års feiringa. No er det Svelgen sin tur på fredagskveld! Ny oppkøyring i morgon!
1.mai 2013 Elisabeth Solbakken