Eit nytt kulturskuleår er i godt i gong! Vi har ikkje dei store endringane i «staben» men nye faste lærarar inn er Tore Røys Nesbakk! Vi har mista 2 lærarar frå Flora kulturskule pga innskrenkingar og med det har vi m.a. ikkje lenger tilbod på strykeinstrumenter. Dette er synd men lite vi kan gjere noko med i desse Terra tider.
Vi har likevel eit håp for framtida om at Bremanger skal verte ein ettertrakta stad å bu mellom anna pga vårt rike kulturliv. Då vil det verte mogleg å bygge større stillingar og ha eit breitt tilbod for alle.
Kulturskule for ALLE er målet vårt! Kultur er limet i samfunnet vårt!
Norsk kulturskuleråd utfordra oss om å gjere utspel politisk no før valet. Dette har vi «teke på ordet» og i morgon fredag 6. September skal vi ha ei markering på Spar Bremanger kl 16.00 der vi har invitert politikarar i Bremanger om å halde ein kort apell om kva dei vil gjere for kulturskulen i framtida!