Kva er draumestipendet?
(Tekst under er henta frå Norsk kulturskuleråd sine sider:)
«Draumestipendet består av 100 stipendier à 10 000 kroner – til saman ein million kroner. Stipendordninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping. Gjennom denne stipendutdelinga ynskjer Norsk kulturskulerådi å synleggjere kommunane sitt arbeid for barn og unge. Draumestipendet er ein verdifull inspirasjon og eit viktig bidrag til å oppfylle mange unge kulturutøvarar sine draumar. Kvar kommune kan nominere ein person eller gruppe innan kvar av desse kategoriene : Dans , Musikk , Skapende skriving, Teater, Visuell kunst eller Annet .
Draumestipendet utdelast i 2015 til kulturutøvarar fødde i 1995 eller senere.»
Og i år er det altså Nora Klungresæter sin tur å verte nominert. Dette er ei ære i seg sjølv og ein sjanse til å oppfylle nokre draumar i samband med det ho driv mest med -nemlig musikk. Ho har sikkert mange idéar om kva eit slikt stipend skulle kunne brukast til . Nora har i mange år vore elev i Bremanger kulturskule og har spelt både piano, bassgitar og fløyte. Det er på piano og bassgitar Nora har sin styrke og viste tidleg stort talent. Ho har vore allsidig , spelt klassisk piano og vore bassist i sitt «eige» band «Noraband». Med dette bandet gjekk Nora og resten av bandet vidare til UKM -festival (landsmønstring) i 2013.
Utdelinga går føre seg i Sogndal kulturhus førstkomande laurdag kl. 15.00. Forestillinga heiter «…og dei nominerte er» Arrangørane skriv om sitt arrangement : Her kan ein møte talentfulle elevar innan musikk, dans, teater og visuelle kunst frå kulturskulane i Sogn og Fjordane.
Desse er alle enten nominert til årets Draumestipend, deltakarar i det regionale talentprogrammet Laurdagsskulen ellerfrå dei nasjonale talentprogramma Griegakademiet Unge Talenter og Barratt Due Unge Talenter.
Vi ynskjer Nora lukke til på laurdag. Her vert fingrar og tær kryssa.