“Øving gjer meister” –
Du har eit barn/ungdom som er elev i kulturskulen vår. Korleis kan de som føresette bidra til å gjere dette til ein positiv oppleving?
Det viktigaste grunnlaget vert lagt i speletimen; den andre store delen av “jobben” gjer de heime – og oppgåva til føresette er å legge til rette på best måte.
Her er våre aller beste tips til at dette vert ei positiv oppleving for både barn. lærar og føresette:
- Minne eleven på å øve , 9-10 åringar klarer ikkje å ta ansvar for eiga øving. ( men hugs å ikkje mase )
- Finn ei fast øvingstid – gjerne rett etter eit måltid.
- Øving bør helst skje kvar dag 5-10 min. Øv helst same dag etter speletime og/eller dagane etter. Kortidsminnet slettar informasjon som ikkje vert repetert fleire gongar – og ein må kanskje spele samme spelelekse i fleire veker.
- Vere interessert ; spør f.eks eleven om kva han /ho har spelt på speletimen sin og kva som er lekse til neste gong.
- Sit gjerne saman med barnet når det øvar.
- oppmuntre og støtte eleven – la eleven spele konsertar heime i stova for familien. Kom med mange positive tilbakemeldingar – bevar den gode stemninga sjølv om eleven vert frustrert.
- NB ! Hugs at nybyrjarar må repetere mykje, og dette er heilt naturleg. Dei har meir enn nok med koordinasjon av fingrar , munnstilling , pust, lesing av notar.
- Nektar eleven å øve? Det er ikkje uvanleg men vi kan klare å løyse dette saman. Ta kontakt!
- La eleven spele saman med musikk: Bruk CD , Spotify og You Tube til desse verka: Midt i Blinken, Pianosprell, Blåsbus for klarinett, fløyte , kornett og saxofon,.
- Digital hjelp! Idag er det tusenvis av muligheter på internett til å lære seg å spele instrument , lære notar osv. Leit gjerne på youtube. Det er òg opplæringsapper til smarttelefon og nettbrett – spør lærar.
Ta kontakt med oss om de treng hjelp med noko!