Kulturskulen er høgdepunktet for veka !

Frida er ein av våre eldste elevar og har sidan 1998 vore elev med oss. Dvs i 23 år. Ho har hatt samme lærar heile tida utanom nokre vikarar i ny og ne.

Instrumentet ho spelar er keyboard , ho har slitt ut 2 keyboard frå før -ho er no på sitt 3. – eit Roland keyboard. Frida bur i Hogslia , ikkje så langt frå kulturskulen sine lokaler. Frida er alltid tidleg ute og står som regel å ventar når læraren kjem.

Vi riggar oss klar til time etter å ha fått av alle ytterklær , manøvrert treffsikkert inn på kontoret med rullestolen sin. Keyboardet må på stativ og notestativet står klart med permen FRIDA som vi laga til for 20 år sidan. Vi blar ofte i den og mimrar litt på «gamle» sangar vi har spelt før. Det er ikkje alle som har vore like vellykka og vi har kanskje gløymt nokre av dei. Men nokon er gjengangarar – som tildømes den Frida spelar på Digitalkonserten; «Friendly» av Jahn Teigen. «Synge du ikkje litt avogtil Frida? » spør eg sjølv om eg godt veit kva svaret er «Nei, eg likar ikkje å synge. Eg syng berre litt når eg er aleine. Eg sang ein gong når eg gjekk i 7 .klasse når vi gjorde nokre lydopptak. Men det var din feil Elisabeth», ler Frida.

For nokre få år sidan fekk Frida det ærefulle oppdraget å representere kulturskulen når statsminister Erna Solberg var på vitijing i Kalvåg. Det vart ein flott dag å ha i minneboka. Då spelte Frida keyboard og Oline Strand Senneseth sang saman med lærar Elisabeth og rektor Grete. Og sangen var faktisk «Friendly» den gongen òg.

«Kva sangar likar du å spele no for tida Frida?» spør eg. «Eg har ingen favoritt men eg likar godt ABBA sangar.» svarar ho. Kanskje har det vore ein smule påverknad frå læraren opp igjennom åra.

«Men du har eit soleklart favorittband Frida? » spør eg. » Ja DDE !! » smiler Frida! «Og ryktet vil ha det til at du faktisk har møtt dei fleire gongar?» «Ja» svarar ho tydeleg stolt! «Eg har møtt dei OG teke bilde saman med dei. Har vore på konsert med dei i 2004, 2006 , 2013, 2014 , 2017, 2019 og så skal eg på konsert med dei i 2022!.Det er ein jubileumskonsert i mars – konserten heiter Sirkus DDE»

Ein treng ikkje spørje om ho gleda seg for det tindrar i augene når ho fortel om dette. «Var karane i DDE kjekke å snakke med ? » spør eg. » JA , veldig kjekke» svarar Frida kjapt.

«Kva gjere du på ellers i veka Frida?»spør eg. «Eg ser mykje på data og på TV «svarar ho. «Spesielt ensomt i Korona-tida. men no er eg fullvaksinert og kan vere meir ute.»

«Blir du ikkje litt lei av å gå på kulturskulen etter så mange år Frida?» spør eg. «Nei – kulturskulen er høgdepunktet mitt for veka!» svara ho kjapt medan eg vert varm i hjartet. Det er fint å tenkje på at kulturskulen kan ha ei slik stor betydning for henne.

Frida og lærar Elisabeth tok sommaravslutninga på Farmen iår , med litt CaffeLatte og is til. Det var ei fin stund og praten gjekk som alltid lett og fint. Vi håpar på mange slike fine stunder i framtida både med sang og musikk men òg med våre gode og fine samtaler.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s