🧵 Syglede og berekraft i Heimen

Denne hausten har vi hatt oppstart av sykurs for åtte ivrige nybyrjarar i saum! Kurset er for dei som ikkje har sydd på symaskin før, og vi har tatt for oss det heilt grunnleggjande innan saum – frå å bli kjend med symaskina og alle funksjonane ho faktisk har, til å lære ulike teknikkar og sy enkle prosjekt.
Vi har mellom anna sydd toalettveske, forkle og gryteklutar – enkle nybyrjarprosjekt som er overkommelege, men som ein samtidig lærer mykje av.
Målet er at deltakarane skal få lyst til å halde fram med å sy også etter kurset. For det å kunne sy er ein nyttig ferdigheit. Kanskje kan du reparere eit plagg i staden for å kaste det? Legge opp ei bukse? Sy inn ein kjole eller ein topp? Eller lage ei gåve til nokon du er glad i?
Å kunne sy er også eit godt miljøtiltak. På kurset snakkar vi om berekraft, kvalitet på stoff og dette med bruk og kast. Kan plagget reparerast? Kan det syast om til noko anna? Må det eigentleg kastast?
Vi lærer også om materialval og verdien av å bruke naturmateriale framfor plastbaserte tekstilar. Mange av kleda vi kjøper i dag inneheld mykje plast, og derfor er det viktig å bli meir bevisst på både kvalitet, materialar og kor lenge plagga kan brukast.
Det viser seg at vi har fått ei svært ivrig gruppe damer på kurset, og sykurset held fram til byrjinga av februar. 🪡
Parallelt med sykurset har vi også opne sykveldar på Kulturhuset Heimen. dei har no skipe ein frivilleg organisasjon som heiter Heimen Tekstilverkstad. Desse kveldane er opne for alle – både nybyrjarar og dei som har sydd mykje før. Dette er ikkje eit kurs, men ein sosial møteplass der vi kan sy saman, utveksle erfaringar, få nye idear og rett og slett møtast rundt symaskinene.
Ein vil òg ha «Strikkekafé» , der glade strikkarar kan møtast i sofakroken for strikk/hekling og hyggeleg prat.
Det er kjekt å kunne vere med og skape aktivitet i bygda, og vi håpar at både sykurset i regi av kulturskulen , Strikkekaféen/ sykveldane kan bidra til at endå fleire får lyst til åvere sosiale og skape trivsel i Bremanger❤️🧵