Velkommen til kulturskulens elevkonsertar 2025



Tradisjonen tru avsluttar vi kulturskuleåret med konsertar og elevutstillingar.
Vi annonsere meir når det nærma seg.

Velkommen til konsert på Hauge , Vi har tradisjonen trú konsert på scena i Heimen i desember. Vi inviterer store og små til ei hyggeleg musikalsk stund. Konserten vert 2 delt -frå kl 17-19 med pause ca 17.50- 18.00. Plan over rekkefølgje på konserten vert sendt ut på sms dagen før.
Velkommen!!
Velkommen til elevkonsert i Svelgen – lærarar og elevar inviterer til fin konsert i landskapet på ung. skulen – Landskapet måndag 9.des . Velkommen store og små!

Kulturskulen er klar for eit nytt skuleår 2024-2025. Det nye året ser ikkje så mykje annaleis ut enn åra før annen enn at vi har mista 2 dyktige lærarar på visuelle kunstfag, Reidun Øvrebotten og Aud Marit Skarrebo Holmen .
Reidun vart pensjonist i januar og flyttar snart austover nærmare barn og barnebarn
.Aud Marit arbeider ved andre kulturskular i nordfjord/ sunnfjord i tillegg til å vere utøvande kunstnar. Vi kjem til å sakne dei veldig mykje.
I sommar tilsette Bremanger kommune Monica Liseth Hauge i stillinga som lærar i visuelle kunstfag i 50 % stilling. Vi ynskjer velkommen til ein ny kollega og ser fram imot det nye samarbeidet.
Monica har lang fartstid som lærar i grunnskulen og ho gledar seg til å fatt på arbeidet. Ho skal arbeide både i Svelgen og på Hauge.
Ynskjer du elevplass? Vi har ei stor elevmasse og vi har òg litt venteliste. Men det kan endre seg noko i oppstartveka veke 35. Ta kontakt snarast om du ynskjer elevplass i kulturskulen. Vi fyller på der vi kan. Om ikkje set vi deg på venteliste og du vil få ein plass så snart det vert ledig.
Dessverre kan vi ikkje tilby dans dette året. Oda studerer i Bergen dette året og kunne ikkje halde fram som lærar. Om vi får til eit samarbeid med andre danselærarar kunne vi kanskje tilbydd helgekurs eller liknande. Ta gjerne kontakt om helgekurs eller liknande er av interesse.
Endå eit skuleår er snart over og vi avsluttar som vi alltid gjer med sommarkonsertar på Hauge og i Svelgen. Konserten på Hauge vert i Kulturhuset Heimen og i Svelgen vert den i landskapet på Svelgen skule. Vi ynskjer velkommen alle som vil høyre på elevane sine innslag. Vi oppfordrar til å sitte i ro under konsertane ( dvs ikkje reise seg og gå midt i konserten) Det er viktig at alle elevane får eit publikum å spele for. Velkommen skal de vere.



Sommaren nærma seg og i Davik vert det i neste veke elevkonsert for våre elevar i indre Bremanger. Vi møtast i gymsalen på Davik skule. Håpar på stort oppmøte av familie og vener , om ikkje sola skine som på plakaten så skal vi likevel prøve å dele ut litt sommarvibbar til dykk, Vi gleda oss! Velkommen!

To veldig fine og «julete» konsertar , ein kl.17 og ein kl.18.30 totalt 43 innslag .Ikkje alle er fotograferte som til dømes alle musikantane på første innslag på konserten og kulturkarusell med sin dramatisering av svenske julesongen»Juletrall» om «alt vi har å gjøre» heime før jul. På denne konserten brukte vi mest livemusikk minst mogleg playback. Dette for at elevane skal få oppleve å synge / spele med livemusikk. Lærarane måtte trø til med trommer, bass, piano og gitar.


























Design av Elisabeth Solbakken