Elevar og lærar Reidun Øvrebotten inviterte føresette til ei elevutstilling med arbeidet

Sjølvportrett – mixed media Photoshop.
dei har hatt arbeidsåret 2017 / 2018. Les meir
Elevar og lærar Reidun Øvrebotten inviterte føresette til ei elevutstilling med arbeidet
Sjølvportrett – mixed media Photoshop.
dei har hatt arbeidsåret 2017 / 2018. Les meir
Måndag 9.april var Kulturhuset Heimen heilt stappfullt av elevar , lærarar og publikum. Mellom 25 – 30 innslag vart framført på scena. Gitaristar , ulike blåsarar , sangmoves-elevar , pianistar , trommisar, keyboard og vokal. Og det vart framført musikk frå mange ulike filmar og musikalar. Det var laga film til fleire av innslaga , trailere frå filmar som elevane spelte ifrå. Vi kan nemne filmar som Titanic , Flåklypa, Pippi Langstrømpe, Pirates of the caribbean, Mission Impossible , Olsenbanden og mange fleire.
Tor Olav Heldal var med for første gong som ny lærar i kulturskulen. Ein betre presentasjon kjem seinare.
Kulturskulen i Bremanger har for mange år sidan vokse seg ut av lokala sine og vi har eit stort behov for lagerplass, grupperom og ikkje minst lovlege og velegna arbeidsplassar til dei 13 ansette. Dette ser no ut til å betre seg litt når vi får overta det «gamle» biblioteket på Hauge skule. Der vil vi få plass til eit grupperom, eit kontor for rektor og møterom for kulturskulelærarane. Det vil nok ikkje løyse alle lokalitetsvanskane våre men vi ser fram mot ei god løysing på dette ganske snart om politikarane våre vil oss meir vel.
Praktisk info: Vi legg opp til at borna får dette tilbodet i barnehagetida for å gjere det enklare for foreldre/føresette. Dette har vore ei fin ordning med gode erfaringar frå tidlegare år. Barnehagepersonell kjem til å fylgje borna til kulturskulen på Hauge skule.
Kontakt Grete omgåande for påmelding: 95982977 eller send epost grete@bremangerkulturskule.no.
Vi har allereie ei gruppe på Kulturkarusell med elevar som no går i 2.klasse. No opnar vi opp for ei ekstra gruppe og har difor ledige plassar for 1. og 2. klassingar.
Praktisk: Vi prøvar å tilpasse tidspunkt for kulturkarusell til rett etter skuletid,-gjerne i ein 6.time.
Kontakt Grete omgåande for påmelding: 95982977 eller send epost grete@bremangerkulturskule.no
Før sommarferien hadde vi kunstutstilling i Kulturhuset Heimen. Det var stort oppmøte av alle elevar med gjestar. Kulturkarusell (1.-2.klasse) og eldre kunstelevar frå 4.kl. – 10.kl. Elisabeth har vore lærar for dei to yngste gruppene medan Reidun har hatt dei eldste. Elevane serverte alle sprudlebrus med jordbær som seg «hør og bør» på ei kunstutstilling.
Ei flott og mangfaldig utstilling, med maleri, trykk i lino, kannedyr, akvareller og teikningar. Mange møtte opp for å vere med på opninga, der kulturkarusell elevane framførte 2 songar og lærar i visuelle kunstfag Aud Marit Skarrebo Holmen fortalte om teknikkar som elevane har nytta i arbeidet. Les meir
Bilde av NRK Sogn og Fjordane
Det vart ikkje så mange påmeldte men vi valde likevel å Les meir
Det var fullsett sal og mange spente elevar som skulle spele og synge på elevkonserten i Samfunnshuset. Samfunnshuset har ei flott scene og saman med profft lys og lyd, vart det den perfekte ramma for kulturskulen sin konsert. Les meir
Elevar frå Bremanger og Kalvåg hadde konsert tysdag 21.mars. Dette var første gong vi har slått saman Kalvåg og Bremanger elevar til ein felleskonsert. Les meir
«ØVING gjer mester» – Eit gamalt ordtak med mykje sanning i seg. Du har eit barn/ein ungdom som er elev i kulturskulen vår. Korleis kan de bidra til å gjere dette til ein positiv oppleving – ikkje berre i starten når det meste er enkelt men etterkvart når det vert vanskelegare å spele? Les meir
Du får hjelp til val av snitt og
fasong og personleg mønstertilpasning, samt veiledning på veien til ferdig kjole.
Ekskursjon til stoffhandel (Stoff og Stil i Åsane , Bergen) høyrer med! (frivillig og sjølvkost)
Du må kunne disponere eiga symaskin, sømutstyr og materiell. Ein viss erfaring med symaskina er nødvendig.
Avslutning med grevinnediplom, supè og innleigde hovmestarar…
30 timar kr.3000,-
Max 6 deltakarar
Orienterings-/planleggingsmøte i Kulturhuset Heimen tysdag 13.september kl. 17.15
Fagleg leiar: Reidun Øvrebotten, mobil 9710403
Vi er klare til å starte på det nye kulturskuleåret – vi gledar oss til å møte dykk alle. Innan søndag kveld vil du få ein mail eller sms med tid og stad for undervisning i kulturskulen. Vi prøver å unngå kollisjonar med andre aktivitetar, difor tek dette litt tid. Lurer du på noko,ring Grete.