«Tidleg krøkast»…

…som flinke kunstnarar skal bli !

Desse 3 elevane har hausten 2015 starta opp på kunstskule saman med 2 andre elevar. Dette er den yngste kunstgruppa på Hauge – i Svelgen har Aud Marit Skarrebo Holmen ei tilsvarande gruppe i same aldersgruppe. (3. og 4.klassingar)

Her set dei i djup konsentrasjon – kunstverket kan sjå ut som forvokste påskeegg MEN det er det slettes ikkje. Vi kan ikkje røpe kva det skal bli – kom heller på kunstutstillinga vår seinare i vinter. Vi har det flott i Kulturhuset Heimen. Vi har godt med utstyr og vi trivast i gode lokaler.  IMG_3386IMG_3387

Bremangerungdomar til LANDSMØNSTRING 2013!

Nora band – ei gruppe frå ytre Bremanger gjekk vidare med låta «So many faces» (Jarle Bernhoft si låt) GRATULERER– Vi er så stolte av dokke! Høyr/sjå dei snart på LINK her når det kjem!Noraband

Natalie Nesje – elev i kunstskulen i kulturskulen som gjekk vidare med sin skulptur «Sad little blue». Og stolte er vi òg av deg Natalie Nesje

med ditt bidrag til landsmønstring 2013!IMG_0599