Det er ikkje noko som er meir moro enn å sjå og høyre mange ungdomar som er opprømte, nervøse, glade, spente , pynta , sminka m.m. Slik er UKM – og mykje GOD LYD surrar i lufta og det er mange menneske samla til ei festforestilling! Det kokar i timane før – ALT skal vere på plass i løpet av dagen og kl. 15.00 går startskotet. Lydprøver, juryskjema, registrere deltakere, lage til Greenroom, – scena skal vere teknisk klar med alt utstyr på plass! Og vi rekk det kvart år – sånn stort sett. Det er ALLTID noko vi kanskje kunne ha gjort betre , men då berre prøva vi på det. Neste år.

Inger Nesbakk og Alice Beate Holm var årets konferansierer! Dei var svært dyktige og leia forestillinga framifrå !
Mønstringa varte frå kl.15.00 til ca kl. 19.00 – 54 ungdomar var i aksjon og mange andre deltok bak scena , med kafé med billettsal, med lyd og med lys. Bremanger kulturskule var hovedarrangør i saman med Sal og Scene klasse på Hauge skule. Vaktmester Terje Hauge stillte opp med lyssetting og Einar Nesbakk styrte lyden. Dommarar kom frå Sandane, Svelgen og Kalvåg. Anna Maria Malkenes, Raimund Hoclas, Thomas Øvstegård og Ida Strand Sundsøy! Dei sendte vidare desse bidraga til årets fylkesmønstring!

Desse kunstnarane gjekk vidare i 2014 -Natalie, Matias, Thea Ytre Hauge. Josefine var ikkje til stades.
Kunst til fylket :
«Skrik» Natalie Nesje med tusjteikning av Munch bildet :
«Sjølvportrett» av Matias Skjølberg
«Vampyr»- Thea Ytre-Hauge
«Kvit rose» Josefine Førde Lindhagen
Sceneinnslag til fylket :
- Nora-band -band, Henrik Førde, Mari Lindvik , Nora Klungresæter , Oliver Igland , Vilde Nesbakk . Titler: “Runaway Baby”
- Brita Myrhol – sang og gitar : Brita Myrhol . Titler: ”Theese streets” –
- “AHV and the freakz” -gitar, sang, kohoon: Aksel Hauge Vedvik , Sigve Holm Sæterlid, Vebjørn Solberg . Titler- “Mirrors”
- Jim Steven-bandet – band: Dorte Førde , Halvor Nesbakk , Håvard Lågeide, Iver Strand Senneset, Jim Steven Tammachart Igland, Ulvar Bjarkason . Titler : » The night they drove old Dixie down»
- Elise Olsen – sang/teater : Elise Olsen . Titler: ”Popular”