Grevinner for ein dag

Desse flotte damene er faktisk elevar i Bremanger kulturskule. Dei har vore på sykurs i over 20 timar denne hausten og vinteren,  for å kreere desse fantastiske vintage-kjolane som de ser her på bildet. Og «premien» var sjølvsagt å få lov å gå med dei ein kveld! ( Og kanskje det byr seg fleire anledningar å bruke desse kjolane? ) IMG_2534

Kjolane var utan tvil føreseggjort og – men  fleire har tenkt gjenbruk når dei har valgt stoff. Nokon har brukt gamle gardiner og det er t.o.m.  sydd nokre kjolar (kun 1 på bilde)  av gamle scenetepper på Hauge skule. Men denne gjengen tok likevel turen til Bergen/Åsane for å  shoppe på den berømte butikken  Stoff og Stil. Det du ikkje finn der er ikje verdt å finne til slikt bruk. Det er rimeleg og godt utval. Sydamene har heile tida hatt ein «chat » på Facebook gåande dei kalla for Grevinnechatten – der kunne dei motivere , tulle og tøyse om både det eine og det andre. Så sykurset har ikkje berre vore lærerikt – det har utan tvil gjort oss kjent betre med kvarandre. Og det er verkeleg kjekt å utvide horisontane våre .IMG_2547 IMG_2513 IMG_2518

Desse damene er no «innvia» i den store «grevinneordninga» som sjefsgrevinna Reidun av Løvikneset har oppretta i samaband med sin 50 års dag for nokre få år sidan.  Det finns grevinner frå fleire kantar av landet og om dette breer om seg med fleire kurs kan det bli ein stor grevinneorden til slutt. Kva er vitsen ? Jau , berre ha det moro ilag og føle seg vakre for ei lita stund.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s