Sommaren er nær men kulturskulen har på langt nær «lagt inn årane» enno. Det vert ikkje store konsertar denne sommaren – det hadde vi i mars.I denne vår-perioden tek vi det meir med ro og prioritere annaleis. Korpsa våre har gjerne festivaler /turar -så dei kviler ikkje på denne tida.
Det har vore mange aktivitetar denne våren – og det har vore endringar i lokalitetane våre. Reidun har kjøpt «Kulturhuset Heimen» og det har ført til at kunstskulen har skifta lokaler. Dei held no til i kjellaren i Heimen i eit førebels lokale men til hausten skal Reidun lage til nytt verksted i det gamle kjøkkenet i Kulturhuset Heimen.
Vi hadde uhøgtideleg opning – rektor Grete kom på surprisebesøk med brus og sjokolad
Akkurat då var karusellgruppa på sin første kunst-time i nytt lokale.Etter dei små var ferdige kom den eldste gruppa i kunstskulen. Dei vart trakterte på samme vis som dei små.