Så er tida komen . Det er snart tid for årets lokale UKM -mønstring.
I år vert det arrangert i Svelgen laurdag 28.februar kl.15.00.
Som alltid ynskjer vi mykje påmelding frå ALLE bygdene våre. Vi veit det er talentfulle ungdomar overalt på musikk dans og kunst. I tillegg er det sikkert mange norsklærarar som veit at det er ungdomar som er dyktige å skrive f.eks dikt, novelle osv. Desse klarer ikkje kulturskulen å fange opp. Om de har noko de vil dele – meld dokke på litteratur på UKM. Det same gjeld kunst. Vi kjenner ikkje til kor mange som maler, teiknar, tek foto osv. – desse ungdomane er sjølvsagt velkomne til å melde seg på.
Kan hende det er vaksne som kjenner til ungdomar som er flinke til noko – men dei vågar kanskje ikkje melde seg på? Det kan hjelpe med eit lite «push». Aldersgruppe 10-20 år. Spør oss du lurer på noko.
Det er ope for påmelding – gå inn på www.UKM.no