NYTT undervisningstilbod: SANGMOVES

NYTT TILBOD FRÅ BREMANGER KULTURSKULE.
Bremanger kulturskule vil våren 2015 prøve ut eit nytt gruppekonsept som har fått navnet :

«SANGMOVES».show kor

Tittelen er ei blanding av dialekt og engelsk og skal beskrive at timen er ein kombinasjon av songtime og koreografi/bevegelsestrening. Vi håpar at tilbodet kan vere av interresse både for jenter og gutar i alle aldrar. Truleg vert det eigne gutegrupper om ein får nok påmeldingar. Vi understreker at tilbodet ikkje er eit substitutt for vårt manglande dansetilbod men vil innebære ein god del koreografi for dei som likar å både synge og danse.

For elevar i 1. og 2.klasse vil ein få ein introduksjon til faget «Sangmoves» i gruppene Kulturkarusell. OPPSTART Februar 2015 veke 6.v

Lengde: 45 minutt pr veke.

Pris: 1300 kr pr halvår.
Alder: 3. Klasse og oppover.
Lærar: Laila B
Send snarast epost for påmelding til:
mailto:post@bremangerkulturskule.no»>E-post post@bremangerkulturskule.no

Det er også mogeleg for vaksne å melde seg på. Tilbodet går ut til heile kommunen og vert starta opp der det let seg gjere.

Med venleg helsing
Grete Berntzen
-­Kulturskulerektor

Informasjon om innhald.
Kategoriar: Musikalar, Disney, Musikkvideo, 60 talls soul,
Elevens val og Stomp.
Musikalar:
Den kategorien som har mest dans og skodespel i seg av dei kategoriane vi skal jobbe med.
Vi hentar inspirasjon frå musikalar som Abba (Mamma Mia) , Les Miserablé , Cats , Grease, Annie, Fame og liknande.

Disney:
Samlebegrep for diverse songar/dansar frå diverse teikneseriefilmar. Her hermar vi etter figurar frå til dømes Happy Feat, Istid, Alvin ;Froze, Askepott , Stor ståhai (Shark Tale) etc.

Musikkvideo:
Kategori kor ein skal etterlikne kjende artistar som både syng og dansar. Elevane får sjølve komme med forslag på nyare musikkvideoar ein kan øve etter, men ein skal òg innom eldre grupper /artistar som til dømes Backstreet Boys , Nsynk, Michael Jackson og Spice Girls. 

60 tals soul:

Vi let oss inspirera av artistar /grupper som the Temptations , The Supremes, Aretha Franklin og James Brown med fleire.

Elevens val:
Elevane skal i fellesskap bestemme song og lage koreografi.

Stomp:
Musikkform der ein brukar kroppen og diverse gjenstandar til å lage rytmiske figurar.
Vi skal ikkje synge i denne kategorien men ha stort fokus på rytmetrening presisjon og koordinasjon. Alle gruppene skal lære den same koreografien i denne kategorien.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s