«Å vere i verda» er eit prosjekt der resultatet skal vere ein del av scenografien til oppsetninga «Der båra bryt». Elevar i kulturskulen og på Hauge skule har laga kopiar av 10 hus på Grotle, og fortel historia deira. Elevane har arbeidd med sjølve byggverket, men dei har også fått høyre historia til huset, med påbygg og oppussingsprosjekt. I tillegg har dei snakka med dei som bur der og fått bli kjend med menneska i husa si historie.
Scenograf Tormod Lindgren har leia det kunstneriske arbeidet, ilag med lærar i visuelle kunstfag Reidun Øvrebotten og sløydlærar Raimund Hoclas som har arbeidd med elevane sidan august 2014.
Laurdag 31. januar var husa ferdige og kunne visast ut. Over hundre menneske kom til utstillinga som vart opna av kultursjef Espen Frøysland. Elevane las dikt og kåser, spelte musikk og til slutt fekk alle sjå dei flotte byggverka.