I Svelgen hadde kulturkarusell eiga forestilling saman med lærar Angy Avendano ( drama) og Raimund Hoclas (musikk ) . Kunstlærar Aud Skarrebo Holmen og elevane presenterte elevarbeid på eiga utstilling på Øyratunet. Sjekk på denne sida. https://bremangerkulturskule.wordpress.com/2019/06/05/utstilling-oyratunet-mai-2019/
Tag Archives: musikk
Drama og sang med Angy og Helena
Hausten 2018 har vi fått ekstra hjelp i kulturskulen nemleg av Angy Avendano og Helena Bjarkadottir !
Angy Avendano er 20 år , fødd i Chile men har vokse opp i Lærdal i Sogn. Ho starta på drama i kulturskulen og gjekk så vidare med 3 år på Drama linja på Firda VGS på Sandane. No er ho komme til Bremanger for å bu dette året og vi er så heldige å ha ho her med oss.
Ho skal Les meir
Karusellfest 11.juni 2018
Kulturskuleåret 2017/2018 har karusellelevane vore «prøvekaniner» for eit nytt prosjekt i kulturkarusell – nemlig dukketeater. Sidan underteikna ikkje har gjort eit liknande prosjekt tidlegare var det litt prøving og feiling som måtte til. Karusellelevane var delte i 3 grupper dette skuleåret , slik at det til slutt vart 3 ulike dukketeaterstykker.
Vi starta med historieskaping der elevane fantaserte seg fram til figurar og ei handling dei ville bruke i stykket sitt. Dette var viktig fordi dukkene skulle få eige «liv». Dukkene vart deretter skapt ved hjelp av papp, og tekstil til kle . Dette tok ei tid då elevane trengte mykje hjelp til dukkene.
Når dukkene var ferdig laga dei scenografi (bakgrunnsbilete) til stykket – som skulle passe til handlinga. Les meir
STOR FORESTILLING i kulturskulen fredag 21.og laurdag 22.mars
PROGRAM FOR FREDAG OG LAURDAG
Først er det elevframsyning i Svelgen Samfunnshus fredag 21. mars.
Tema er dyr!
Kl. 17.00 Jonas i Jungelen med kulturkarusellelevane og barne-og ungdomskor
Kl. 18.00 Danseframsyning med alle danseelevane!
Kl. 19.00 Konsert med musikkelevar fraa Svelgen, Aalfoten, Davik og Kolset
Bremangerhallen laurdag 22. mars.
Kl. 16.00 Jonas i Jungelen med kulturkarusellelevane og barne- og ungdomskor
Kl. 17.00 Konsert med musikkelevar Kalvåg og Bremanger
Kl. 18.30 Danseframsyning med alle danseelevane!
Arrangementet er ope for alle!
Billettpris: kr. 80,- for vaksne
Alle under 18 kjem inn gratis
Kiosken blir open, vi sel litt mat i tillegg til kaker, saft, brus og kaffi.
Frida komponere musikk
Små kunstnarar
Denne hausten har vi starta med kunstgruppe med dei aller minste – i kulturkarusell! 3 veker med kunst, 3 veker med musikk og 6 veker med leikedans osv. Lærarane arbeider i team og årets tema er musikk, leik, song og dans frå musikalen «Jonas i jungelen» av Hogne Moe. Dette er eit stykke laga i 1986 (kanskje tidlegare) og har vorte brukt i mange skular, barnehagar og kulturskular dei siste 30 åra. Songane er vel egna til ungar heilt ned i 3 års alder og dei innbyr til dans og leik.
Målet med «Kulturkarusell 2013/2014 » er å framføre noko frå Jonas i jungelen på kulturskulen si store framsyning til våren , nærare bestemt laurdag 22.mars. Dette vert ei forestilling for heile kommunen – dvs at alle ungane i kulturkarusellgruppene skal vere med på samme forestilling. det gjeld ikkje berre kulturkarusell men alle andre elevar òg. Vi gledar oss til 22.mars! Men først må vi male litt…..