Sommarkonsert i Heimen 8. juni 2022

Tradisjonen tru vert skuleåret i kulturskulen avslutta med fin sommarkonsert med elevar og lærarar. Og desse elevkonsertane har vi ofte hatt i Kulturhuset Heimen fordi det rett og slett er den finaste scena vi har i bygda. Og vi har eit håp om at vi kan framleis kan behalde den slik den er idag.

Elevane som deltok på konsert i 2022 var Kulturkarusell (elevar frå 1&2 kl) , aspirantar, blåseelevar frå Bremanger skulemusikk, pianoelevar , sangelevar, gitar, bass og tromme elevar. Lærarar i ytre er Raimund, Einar, Grete, Elisabeth , Jarle og Fay. Rolv Arne Vedvik er trommelærar etter at Maurizio Varano gjekk av med pensjon i vinter.

Kulturkarusell i Svelgen

I Svelgen hadde kulturkarusell eiga forestilling saman med lærar Angy Avendano ( drama) og Raimund Hoclas (musikk ) . Kunstlærar Aud Skarrebo Holmen og elevane presenterte elevarbeid på eiga utstilling på Øyratunet. Sjekk på denne sida. https://bremangerkulturskule.wordpress.com/2019/06/05/utstilling-oyratunet-mai-2019/

Elevkonsert i Svelgen

Torsdag 4.april 2019 hadde vi elevkonsert i Svelgen Samfunnshus. 
Her fekk ein høyre alt frå fengande gitarar, kult band, aspirantar med trøkk, melodiøse solistar, vakre pianotonar og groovy slagverk rytmer. 
Vi takkar alle for flotte opptredenar og takk til publikummet som tok turen. Ein ekstra takk til Jonas og Torgeir som hjalp mykje til i lyd og lys avdelinga. 

Karusellfest 11.juni 2018

Kulturskuleåret 2017/2018 har karusellelevane vore «prøvekaniner» for eit nytt prosjekt i kulturkarusell – nemlig dukketeater. Sidan underteikna ikkje har gjort eit liknande prosjekt tidlegare var det litt prøving og feiling som måtte til. Karusellelevane var delte i 3  grupper dette skuleåret , slik at det til slutt vart 3 ulike dukketeaterstykker. IMG_8551

Vi starta med historieskaping der elevane fantaserte seg fram til figurar og ei handling dei ville bruke i stykket sitt. Dette var viktig fordi dukkene skulle få eige «liv». Dukkene vart deretter skapt ved hjelp av papp, og tekstil til kle . Dette tok ei tid då elevane trengte mykje hjelp til dukkene.

Når dukkene var ferdig laga dei scenografi (bakgrunnsbilete) til stykket – som skulle passe til handlinga. Les meir

STOR FORESTILLING i kulturskulen fredag 21.og laurdag 22.mars

Jonas bilder

Illustrasjonsfoto

PROGRAM FOR FREDAG OG LAURDAG

Først er det  elevframsyning i Svelgen Samfunnshus fredag 21. mars.

Tema er dyr!

Kl. 17.00 Jonas i Jungelen med kulturkarusellelevane og barne-og ungdomskor

Kl. 18.00 Danseframsyning med alle danseelevane!

Kl. 19.00 Konsert med musikkelevar fraa Svelgen, Aalfoten, Davik og Kolset

kenguru jonas

Illustrasjonsfoto

 

 Bremangerhallen laurdag 22. mars.

Kl. 16.00 Jonas i Jungelen med kulturkarusellelevane og barne- og ungdomskor

Kl. 17.00  Konsert med musikkelevar Kalvåg og Bremanger

Kl. 18.30 Danseframsyning med alle danseelevane!

Arrangementet er ope for alle! 

Billettpris: kr. 80,- for vaksne 

Alle under 18 kjem inn gratis 

Kiosken blir open, vi sel litt mat i tillegg til kaker, saft, brus og kaffi.

IMG_2007

Desse har laga pynt til jungelfesten

Små kunstnarar

Image

Blande nye fargar

Image

Ivrige kunstnarar

Denne hausten har vi starta med kunstgruppe med dei aller minste  –  i kulturkarusell! 3 veker med kunst, 3 veker med musikk og 6 veker med leikedans osv.  Lærarane arbeider i team og årets tema er musikk, leik, song og dans frå musikalen «Jonas i jungelen» av Hogne Moe. Dette er eit stykke laga i 1986 (kanskje tidlegare) og har vorte brukt i mange skular, barnehagar og kulturskular dei siste 30 åra. Songane er vel egna til ungar heilt ned i 3 års alder og dei innbyr til dans og leik.

Målet med «Kulturkarusell 2013/2014 » er å framføre noko frå Jonas i jungelen på kulturskulen si store framsyning til våren , nærare bestemt laurdag 22.mars. Dette vert ei forestilling for heile kommunen – dvs at alle ungane i kulturkarusellgruppene skal vere med på samme forestilling. det gjeld ikkje berre kulturkarusell men alle andre elevar òg. Vi gledar oss til 22.mars! Men først må vi male litt…..

Kulturkarusell

Onsdag 22.mai 2013

Bremanger kulturskule er glade for å ha gode tilbod til dei aller yngste. Vi har «Musikkleik» for 4 og 5 åringar og «Kulturkarusell» for 6 og 7 åringar. Målet vårt med «Kulturkarusell» er at dei  yngste borna skal få prøve seg på ulike kunstuttrykk – Kunstfag, Dans og Musikk.

Kulturkarusell

Kulturkarusell lærer notar

Vi kjem sikkert til å vere ulike lærarar på dei ulike emna , men kan hende vi er to lærarar samstundes for å hjelpe kvarandre (avhengig av kor store grupper vi har )  Denne gjengen på bildet skulle iallefall lære seg notar og er i full gong med å teikne dei ! Det er faktisk KJEKT med notar når vi leikar oss med dei litt. 🙂