Kulturskulen er 40 + 3 år

Og dette skal vi verkeleg feire – med ei stor forestilling fylt av musikk, dans og kunst

6 og 7. juni markerer Bremanger kulturskule jubileum. Vi er no 40 + 3 år, og tek feiringa litt på etterskot – betre seint enn aldri!

Fruktsalat

I den store jubileumskonserten inviterer vi både korps og barnekor til å delta i tillegg til våre elevar. Første del av konserten byggjer på det svenske konsertkonseptet «Fruktsallad» av Dan og Gullan Bornemark. Vi framfører utdrag frå den originale barnekonserten, med tekstar omsette til norsk.

«Fruktsalat » del 1 (barnekonserten) vert framført av barnesolistar, barnekor saman med korps og band. Sidan vi ikkje har eit symfoniorkester tilgjengeleg, har vi tilpassa arrangementa til våre eigne ressursar – med lokale skulekorps, delar av vaksenkorpset, samt elevar og lærarar i band.

For å styrke korpartia har vi invitert med eksterne songarar. Bremanger barnekor, leia av Jarle Grotle, deltek som hovudkor, i tillegg til fleire solistar frå kulturskulen.

Ungdomskonsert DEL 2.

Etter barnekonserten kjem ein eigen Fruktsalat del 2. (ungdomskonserten) Til denne konsertdelen har vi sjølve sett saman eit repertoar med låtar som har frukt i tittelen – som Watermelon Sugar, Raspberry Beret og Lemon Tree. Her blir det både solistar, band og danseinnslag frå kulturskulen sine eigne grupper.

Førkonsertar og kunstutstilling

Før hovudkonserten «Fruktsalat» blir det fleire mindre førkonsertar – både på hovudscena og ein eigen pianokonsert knytt til kunstutstillinga. Denne helga skal det verkeleg myldre av aktivitet!

Praktisk informasjon

Konsertane/utstillinga blir haldne:

  • Laurdag 6. juni i Bremangerhallen
  • Søndag 7. juni i Svelgen samfunnshus
  • Til foreldre/ elevar: Minglekonsertane startar omtrent ein time FØR hovedkonserten «Fruktsalat». Hovedkonserten startar kl 16.00 begge dagar.

Generalprøva er fredag 5. juni i Bremangerhallen. Til foreldre/ elevar: Tidspunkt kjem.

Vi er avhengige av hjelp frå foreldre til transport av elevar til generalprøve og konsertar, og vil prøve å organisere dette så godt som mogleg.

Vi gler oss stort til ei innhaldsrik og festleg jubileumshelg!

Kommenter innlegget