Dansens dag

Måndag 29.april 2019 var det DANSENS DAG. Bremanger Kulturskule sine eldste danseelevar markerte dette ved å reise til Trivselshagen på Sandane for å sjå ei danseforestilling. 

Vår danselærar Geir Baldersheim arbeider òg ved danselinja på Firda vgs. Firda vgs og Gloppen kulturskule samarbeidde med ei felles visning på Dansens dag. Etter forestillinga fekk vi ei lita omvisning i dansesalane og i kultursalen, og så vart kvelden avslutta med pizza. Alle var einige om at det hadde vore ein kjekk tur. 

Danseframsyning på Kolset

På Kolset vart det sett opp ei danseforestilling saman med vår danselærar Geir Baldersheim frå Gloppen. Vi er så glad for å ha fått han ut her til oss. Det seier elevane våre seg einige i- dei har i ettertid sagt at denne danseframsyninga var veldig kjekk å vere med på. Vi håpar at foreldra/føresette fekk sjå dansegleden i augene deira.

Grete Berntzen seier i kommentar: Tusen takk til alle elevar, og til dei som kom for å sjå ! Takk til danselærar Geir Baldersheim for den fantastiske jobben han gjer . Og takk til Jonas Myklebust for tøft lys.

Små kunstnarar

Image

Blande nye fargar

Image

Ivrige kunstnarar

Denne hausten har vi starta med kunstgruppe med dei aller minste  –  i kulturkarusell! 3 veker med kunst, 3 veker med musikk og 6 veker med leikedans osv.  Lærarane arbeider i team og årets tema er musikk, leik, song og dans frå musikalen «Jonas i jungelen» av Hogne Moe. Dette er eit stykke laga i 1986 (kanskje tidlegare) og har vorte brukt i mange skular, barnehagar og kulturskular dei siste 30 åra. Songane er vel egna til ungar heilt ned i 3 års alder og dei innbyr til dans og leik.

Målet med «Kulturkarusell 2013/2014 » er å framføre noko frå Jonas i jungelen på kulturskulen si store framsyning til våren , nærare bestemt laurdag 22.mars. Dette vert ei forestilling for heile kommunen – dvs at alle ungane i kulturkarusellgruppene skal vere med på samme forestilling. det gjeld ikkje berre kulturkarusell men alle andre elevar òg. Vi gledar oss til 22.mars! Men først må vi male litt…..

Vellukka dans i Svelgen

1 juni arrangerte kulturskulen dans i samband med vegopninga på Bremangersambandet. Lærarane hadde i dette høvet sett i saman eit band beståande av 6 kulturskulelærarar pluss 2 innleigde.  Vi spelte til  «dugnad» , dvs at vi spelte til inntekt for kulturskulen sin utstyrskonto som ikkje akkurat er så stor for 2013. (Kroner 5000; vart sett av på budsjettet vårt 2013 og det er knapt nok til gitarstrengar  så denne inntekta kom vel med.

360 mennesker kom på dansen alt ifrå ungdomar til eldre.Vi hadde 3 «band»- det første heitte «Trond Norvallz» og spelte dansebandmusikk.

BildeDet andre bandet heitte Lucky Lips – og er egentlg eit partyband som spelte i Bremangerområdet på 90-talet. Vi tilførte berre litt kor og rytme i tidsriktig kostyme. Lucky Lips spela rock´n roll/popmusikk frå 50-60 talet.BildeDet siste bandet heitte «TheTunnel of Love» og spelte popmusikk frå dei 4-5 siste tiår. Bilde

Vi skal ikkje sjå vekk ifrå at vi gjentek dette ein annan gong, på ein annan stad. Planen var å arrangere dansegalla sjølv ein gong – og kanskje vi tek opp igjen den idéen om ikkje så altfor lenge. Musikken er allereie innøvd.

Kulturkarusell

Onsdag 22.mai 2013

Bremanger kulturskule er glade for å ha gode tilbod til dei aller yngste. Vi har «Musikkleik» for 4 og 5 åringar og «Kulturkarusell» for 6 og 7 åringar. Målet vårt med «Kulturkarusell» er at dei  yngste borna skal få prøve seg på ulike kunstuttrykk – Kunstfag, Dans og Musikk.

Kulturkarusell

Kulturkarusell lærer notar

Vi kjem sikkert til å vere ulike lærarar på dei ulike emna , men kan hende vi er to lærarar samstundes for å hjelpe kvarandre (avhengig av kor store grupper vi har )  Denne gjengen på bildet skulle iallefall lære seg notar og er i full gong med å teikne dei ! Det er faktisk KJEKT med notar når vi leikar oss med dei litt. 🙂