Her er alle aktørane på konserten vår i Davik – Ei elevbedrift sto for sal av kaffi og kaker! Det vart ein minnerik konsert for store og små.
Grete
Gå inn i Fotogalleri for å sjå alle bilda frå konserten KLIKK HER !
Alle foto Grete Berntzen
Her er alle aktørane på konserten vår i Davik – Ei elevbedrift sto for sal av kaffi og kaker! Det vart ein minnerik konsert for store og små.
Grete
Gå inn i Fotogalleri for å sjå alle bilda frå konserten KLIKK HER !
Alle foto Grete Berntzen
No kan du få kunstdraumane dine oppfyllte- eller om du rett og slett treng litt påfyll! Kursa til Reidun Øvrebotten på Skjeret er spesiellt retta mot lærarar i grunnskulen som underviser i Kunst og handverk! Dei føler ofte at dei har for lite kunnskap og har ytra ynskje om å kunne meir. Du vil finne all info på den nye heimesida på Skjeret.
Meld deg på kurs IDAG! KLIKK HER
Idag vart Nora-band og Natalie Nesje i kunstskulen – alle saman elevar i Bremanger kulturskule – feira med kake og brus på Skjeret! Rektor Grete Berntzen hadde tatt på seg spanderbuksa og bestillt ei stor «kvit dame»! Landsmønstringa vert 21.-23.juni – vi gler oss til å sende dei avgarde til mønstring saman med ungdomar frå resten av landet! 
Nora band – ei gruppe frå ytre Bremanger gjekk vidare med låta «So many faces» (Jarle Bernhoft si låt) GRATULERER– Vi er så stolte av dokke! Høyr/sjå dei snart på LINK her når det kjem!
Natalie Nesje – elev i kunstskulen i kulturskulen som gjekk vidare med sin skulptur «Sad little blue». Og stolte er vi òg av deg Natalie Nesje
No har kulturskulen offisielt starta sitt etterlengta iPad prosjekt i grunnskulen. Idag skulle elevane i 10 klassse spele fløyte på iPad, tru det eller ei. Men ved hjelp av mikrofonen på iPad kan ein blåse inn i den slik at lufta generere fløytelyd i ein App som heiter «Ocarina2». Morsomt ! Og det ser jo ystyrtelig morsomt ut.
Etter Svelgen skal vi besøke Ålfoten i 4 veker framover. Deretter Frøyen og Hauge skule.
Vi heng med i tida…prøvar iallefall..
Dette er «starten» på oppbygginga på den nye heimesida til Bremanger kulturskule. Eg arbeider med sida og skal få den på «vegen» ganske fort.
Håpar det kan verte ei fin side å sjå på og nyttig for alle våre elevar, føresette og tilsette. Vil sjølvsagt at alle innnbyggarar skal ta turen innom sida vår.
Mvh Elisabeth
webansvarleg for kulturskulen