Dei siste vekene har karusellgruppa førebudd jungelfesten vi skal ha i mars-Jonas i jungelen! Vi er vi i ferd med å øve sangar , dansar og skodespel! Det vert spennande utover vinteren kor langt vi kjem med det,-22 mars vert den store framsyninga !
Open time på Dans i Svelgen!
Open time på dans i Svelgen.
2.desember fekk føresette sjå smakebitar av kva elevane på dans har hatt føre seg i haust. Elevane viste fram oppvarming, teknikkøvingar, koreografiar og avslutta med ein felles julekoreografi med alle. Takk til alle dansarar og til Ane Jørgine som losa alle trygt igjennom programmet.
Kulturskuletimen har «forsvunne»
Etter lovnadar på «direkten» ved Håvardstun-butikken i september politikarane i kulturkommunen vår «mista» pengane som var løyvde frå staten – den no utdøande timen «Kulturskuletimen». Den nye regjeringa har fjerna den rød/grøne regjeringa si satsing på kulturskule/skule samarbeidet «kulturskuletimen » MEn ordninga skulle vare halve 2014. Pengane som var løyvde til Bremanger kommune i 2013 har òg forsvunne- slik at mange born frå 1-4 klasse i Bremanger kommune har gått glipp av ein gratis kulturskuletime pr veke! Og heller ikkje 2014 vert det gratis undervisning for denne aldersgruppa!
Og ellers kan de lese meir om Kulturskoletimen som forsvann før den fekk lov å «»vekse opp» :
Ingen flere kroner til kulturskoletimen
15.11.2013 | Egil Hofsli (tekst)
OSLO: Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti har kommet til enighet, budsjettavtalen i boks. Uten at det ble penger til kulturskoletimen neste skoleår av den grunn.
Dermed blir Solberg-regjeringens forslag om å kutte all økonomisk støtte til kulturskoletimen en realitet fra og med skoleåret 2014-2015. Dette opprører mange i kulturskolelandet, reaksjonene har vært mange og sterke siden Solberg-regjeringens forslag om endringer i den avgåtte, rødgrønne regjeringens statsbudsjettforslag ble kjent forrige fredag.
Også hos Norsk kulturskoleråd er skuffelsen stor, ikke minst over at Solberg-regjeringen ikke viser noe tegn til at det skal satses på kulturskolen på andre måter når kulturskoletimen nå avvikles som «statlig satsing».
Grevinne-tur

Torsdag 14.november gjekk turen til Bergen og målet for turen var DENNE butikken! Stoff og Stil i Åsane.
8 damer på sykurs tok turen for sjølve å ta i nærsyn kva stoff dei skulle bruke til kreasjonane sine.

Og kreasjonane skal til slutt (forhåpentlegvis) verte noko som ei ekte grevinne ville kledd seg i – i tidlegare tider. Derav navnet på sykurset- «Grevinne-kurs».
Kjolestilen som skal verte sydd vert alt frå middelalderkjoler, 1800-tals kjoler og sist 1920 tals kjole. Kurset består av 7 damer med futt i (og med symaskiner) og sy-lærarinne Reidun Øvrebotten ! Første grevinne-møte vert på torsdag 21.nov. Då skal kjoleteikningane verte omgjort til verkelegheit. Iallefall starte på det.
No kan de vere misunnelig de som ikkje rakk å melde dokke på. Dette vert MORO! Kurset vert avslutta på nyåret ein gong med «Mannequin»-oppvisning med ein tilhøyrande «Grevinne-fest» med spesielt inviterte. Det vert svært moro å sjå fram til !

Vellukka Hip Hop- kurs
NY TID: KURS I DANS MED MAGNUS EMAKA EINANG
Ryland Grendahus laurdag16. nov.
Svelgen samf.hus søndag 17.. nov.
Tider begge dagar:
Kl. 10.00-11.00 born fraa 5 år –til og med 2. klasse
Kl. 11.00-12.30 3.-4. klasse
Kl. 13.00-14.30 5.-7. klasse
Kl. 14.45-16.15 8.-10. klasse
Kl. 17.00-19.00 Vaksne (over 10. klasse og oppover)
Magnus er frå Sunnmøre og arbeider som freelance dansar i London, men er i
Noreg no. Han arbeider innan hip hop, contemporary, tap jazz, locking, popping
og tutting. Han har hatt oppdrag på West end og dansa på opningssermonien
til OL i London 2012. LES MEIR OM MAGNUS HER!
IKKJE LA DENNE SJANSEN GÅ IFRÅ DEG!!!
Påmelding til: kulturgrete@gmail.com, eller på sms: 95982977
Born/ungdom kr. 200,-
Vaksne kr. 500,-
Arr: Kulturskulen og Ryland Grendalag
Ledige plasser på kurs i SØM!
Kurs : Sy din eigen gallakjole!
For lite pomp og prakt i kvardagen? No kan du få hjelp og veiledning til å sy din eigen gallakjole! Vi avslutter med grevinnenyttårsfest med innleigde hovmesterar! Utstyr og materiell: symaskin og vanleg syutstyr (saks, målband, knappenåler, nål/tråd…) stoff til eigen kjole.
Først kursdag :


På Hauge med Reidun Øvrebotten som lærar.
Frida komponere musikk
Små kunstnarar
Denne hausten har vi starta med kunstgruppe med dei aller minste – i kulturkarusell! 3 veker med kunst, 3 veker med musikk og 6 veker med leikedans osv. Lærarane arbeider i team og årets tema er musikk, leik, song og dans frå musikalen «Jonas i jungelen» av Hogne Moe. Dette er eit stykke laga i 1986 (kanskje tidlegare) og har vorte brukt i mange skular, barnehagar og kulturskular dei siste 30 åra. Songane er vel egna til ungar heilt ned i 3 års alder og dei innbyr til dans og leik.
Målet med «Kulturkarusell 2013/2014 » er å framføre noko frå Jonas i jungelen på kulturskulen si store framsyning til våren , nærare bestemt laurdag 22.mars. Dette vert ei forestilling for heile kommunen – dvs at alle ungane i kulturkarusellgruppene skal vere med på samme forestilling. det gjeld ikkje berre kulturkarusell men alle andre elevar òg. Vi gledar oss til 22.mars! Men først må vi male litt…..
Bremanger Kulturskule ”fiska” etter politiske lovnadar
Norsk Kulturskuleråd utfordra kulturskulane i landet til å ha ei markering i høve stortingsvalet 2013. Kulturskulen i Bremanger var ikkje tunge å be og planla ein ”stand” på SPAR Bremanger fredag ettermiddag 6 september. På førehand vart alle politiske parti i Bremanger kommune oppfordra til å komme og halde ein apell om kultur og kulturskulen. Vêret var ikkje det aller beste men det stoppar ikkje ein vestlending så partytelt vart innlånt for anledninga. Vaffel og kaffi skulle seljast og underhaldninga skulle nokre av elevane stå for. Diverre viste det seg at ingen parti frå Bremanger møtte opp -utanom Arbeiderpartiet som sjølve hadde eigen ”val stand” ved Spar-butikken i ytre Bremanger. Dei hadde med seg lestleiaren i Sogn og Fjordane Arbeiderparti Solveig Willis.
Etter litt musikalsk underhaldning av elevane Borgar Kløvtveit (piano) , Jim Steven Igland (piano og sang) og Iver Senneset (gitar) vart Willis utfordra av Grete Berntzen.
”Kulturskulerådet og kulturskulane har ein eigen visjon: ”Kulturskule for ALLE” Korleis skal Arbeiderpartiet sikre at vi er på rett veg til å nå dette målet dei 4 neste åra?” spurde Grete.
Solveig Willis : ”Den raudgrøne regjeringa har frå før av gjennomført Kulturløftet 1 og 2 og skal no gjennomføre Kulturløftet 3 der vi legg inn pengar til kultur og der òg til kulturskule. Dette er ikkje mitt fagområde så eg har prøvd å lese meg litt opp. For det første er det starta opp noko som heiter Kulturskulerådet som skal vere med på å hjelpe kulturskulane (red.anm. Norsk kulturskuleråd har eksistert i 20 år )
I dei tre siste årene så har det komme 40 millionar kvart år til kulturskulane. No tar vi det endå eit steg vidare og vi har starta noko som heiter ”Kulturskuletimen” der målsettinga er ar at alle barn uansett bakgrunn skal ha mulighet til å delta i kultur. Og det ein ser med ”Kulturskuletimen” er at om ein kan få det inn i grunnskulen , enten SFO eller skulen så kan ein gjere det tilgjengelig for alle barn for det skal vere gratis. Budsjettet er øka for 2013 der kvar kommune har fått pengar til ”Kulturskuletimen” og kvart barn skal ha tilgang på ein time kulturaktivitet. Og då er tanken at det skal vere eit samarbeid mellom skulen og kulturskulen. I Florø startar ein no frå hausten av – kulturskulen i Florø får midler til å auke bemanninga der ein skal inn i 1-4 klasse på alle skulane – dette kan ein variere slik at neste år er det f.eks 5-7.klasse som får tilbodet. Dette skal vere gratis og frivillig sjølvsagt. ”
Grete Berntzen : ”Det er flott at de har fått dette til i Florø men no er det slik at sjølv om det er bevilga pengar i ramma til kommunane så er det berre halvparten av kommunane i Sogn og Fjordane som setter i gong og på landsbasis er det omtrent det samme. Korleis skal de vere med å sikre at dette er faktisk noko som vert sett i gong i kommunane –foreksempel vert det ikkje sett i gong her i Bremanger denne hausten.”
Solveig Willis: ”Dette kan eg faktisk litt for lite om men intensjonen er at dei pengane som kom med Kulturskuletimen skal brukast til akkurat det. Korleis vi skal sikre oss at dei kommunane som ikkje har gjort det gjer det veit eg ikkje. Eg trudde det var automatikk i at desse pengane gjekk til det dei skulle gå til i kommunane. Så når kommunen får pengane uansett så er ikkje dette bra så då må ein jo få følgt opp å sjå til at pengane vert brukt til det dei er tenkt. Målet er jo at alle barn skal ha mulighet for kultur”.
Rektor Grete Berntzen ”. Trur de at Kulturskuletimen vil vere med på å minske ventelistene til kulturskulen eller vil det auke ventelistene? Det høyres litt feil ut kanskje når eg svara at eg håpa at ventelistene vert høgre– men intensjonen er at fleire barns skal få ein introduksjon til kultur og verte meir interessert i kultur. På den kulturskulesatsinga som vi har hatt no så er faktisk ventelistene vorte større. Det er fleire barn som ynskje å delta og fleire barn som ynskjer å delta på fleire kulturaktivitetar.”
Nina Grotle Ap- varaordførar i Bremanger kunne fortelje at ho hadde lagt fram dette med Kulturskuletimen for formannskapet torsdag 5.sept– dei kunne bekrefte at pengane var mottekne i Bremanger men at pengane hadde komme inn på Oppvekst sitt budsjett. Men det vart lova at pengane skulle vere klare etter nyttår slik at kulturskulen og skulen kan iverksetje ein gratistime til barn i grunnskulen.
Grete Berntzen tykte dette var gode nyheiter og sa at dei gleda seg til å sette igong med dette tilbudet. ”Vi har planane klare. Er det noko anna de har lyst til å ytre om kva de har lyst å gjere dei 4 neste åra? ”
Nina Grotle: ”Eg vil berre få lov å skryte av kulturskulen i Bremanger. Og det at vi har slikt eit allsidig tilbud , både instrumentopplæring og andre estetiske fag , det syns eg er veldig bra. Som alle veit har vi ein krevjande økonomi i Bremanger og at ein likevel har klart å oppretthalde tilbudet – ja det er bra. No veit eg det at det er mange elevar som står på venteliste og vi har vel 250 elevar i kulturskulen i dag og omtrent 50 er på venteliste. Så eg håpar vi kan få gjort noko med det. De gjere ein kjempejobb og er gode ambassadørar for kommunen vår. ”
Altså gode ord frå varaordføraren i Bremanger – og kulturskulen håpar at Bremanger ikkje stoppar med å prioritere kulturskulen og dette tilbodet til born og unge. Kulturskulen står framfor utfordringar med tanke på eigna lokaler på alle stadar i kommunen og har i fleire år ytra sterkt ynskje om å utvide og få eigna lokaler. Kulturskulen ynskjer òg å setje fokus på å utvide tilbudet slik at alle på sikt kan få eit tilbud og at dei kan tilby alle tenester til ALLE – barn , vaksne , eldre , sjuke m.fleire.
Det kom ingen fleire til standen denne fredagsettermiddag men det vart avslutta med litt song og musikk av lærarar før teltet vart pakka ned igjen. Kulturskulen gjer gjerne dette fleire gongar – og håpar at neste gong møter det litt fleire politiske parti og andre gjestar opp. Og nokre fleire som kan kjøpe litt vaflar og kaffi.
Nytt kulturskuleår !
Eit nytt kulturskuleår er i godt i gong! Vi har ikkje dei store endringane i «staben» men nye faste lærarar inn er Tore Røys Nesbakk! Vi har mista 2 lærarar frå Flora kulturskule pga innskrenkingar og med det har vi m.a. ikkje lenger tilbod på strykeinstrumenter. Dette er synd men lite vi kan gjere noko med i desse Terra tider.
Vi har likevel eit håp for framtida om at Bremanger skal verte ein ettertrakta stad å bu mellom anna pga vårt rike kulturliv. Då vil det verte mogleg å bygge større stillingar og ha eit breitt tilbod for alle.
Kulturskule for ALLE er målet vårt! Kultur er limet i samfunnet vårt!
Norsk kulturskuleråd utfordra oss om å gjere utspel politisk no før valet. Dette har vi «teke på ordet» og i morgon fredag 6. September skal vi ha ei markering på Spar Bremanger kl 16.00 der vi har invitert politikarar i Bremanger om å halde ein kort apell om kva dei vil gjere for kulturskulen i framtida!
«Der båra bryt» vann 10 000; kr
«Der båra bryt» vann 10 000 kr på direktesendinga i NRK lokal fredag 14.juni.
Vi fekk dessverre ikkje toppgevinsten på 100 000; – det var det «Våt moro» – ein festival i Florø som fekk. Men vi hadde ein flott presentasjon på direkten og det førte til at publikum stemte oss fram til 1 .plass. Ei god trøst sidan vi ikkje fekk den største potten.
Så håpar vi at vegen fram mot «Der båra bryt» vert kjekk og spennande- og håpar på entusiasme iblant bygdafolket i ytre Bremanger!
«Der båra bryt»
Denne kulturidéen som opprinneleg kom frå Reidun Øvrebotten er no i ferd med å verte ein realitet. Nye Bremanger engasjerte oss i kulturskulen til å utarbeide planen. Dette er vi godt i gong med – og vi deltek no i ein konkurranse i NRK Sogn og Fjordane om å vinne 100 000 kr. Pengane kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane- og vi konkurrerer med 9 andre kulturidéar frå heile fylket.
Alle idéane er gode og ulike , så dette vert svært spennande. Vi har oppfordra alle til å stemme på oss på internett – ein gong pr dag fram t.o.m. torsdag 13.juni. Vi anar ikkje korleis vi ligg an – det kan slå ut alle veier. Desse avstemmingstemmene tel 50,1% – juryen bestemme resten.. Så vi er veldig spente. Fredag førstkomande vert det direktesending der vi er inviterte ( 3 stk) og skal for siste gong presentere oss sjølve ( 2-3 minutt) . Dei som skal vere med på denne sendinga vert Elisabeth Solbakken ( meg) , Grete Berntzen (rektor) , Reidun Øvrebotten (lærar i kunstfag) Vi oppfordra alle til å stemme desse dagane som er att – samt å høyre på oss på fredag på NRK Sogn og Fjordane.
Les meir om prosjektet «Der båra bryt» HER !
Sommar!
Vi har starta på den siste undervisningsveka i kulturskulen- det vert ikkje sommarkonsert. Dette fordi vi tidlegare år har hatt vanskar å finne eit tidspunkt som høver for alle. Det er mange arrangement i dei siste skulevekene og det er midt i fotballsesongen. Vårkonserten i april er vårhalvårets store konsert.
Vi tek no ei pause fram til veke 35 – frå omtrent 26.august. (2.skuleveka etter ferien)
Vi vil ynskje elevar /føresette og elles alle andre ein riktig GOD SOMMAR! Me sjåast!
Kulturpris til Norvall
Vellukka dans i Svelgen
1 juni arrangerte kulturskulen dans i samband med vegopninga på Bremangersambandet. Lærarane hadde i dette høvet sett i saman eit band beståande av 6 kulturskulelærarar pluss 2 innleigde. Vi spelte til «dugnad» , dvs at vi spelte til inntekt for kulturskulen sin utstyrskonto som ikkje akkurat er så stor for 2013. (Kroner 5000; vart sett av på budsjettet vårt 2013 og det er knapt nok til gitarstrengar så denne inntekta kom vel med.
360 mennesker kom på dansen alt ifrå ungdomar til eldre.Vi hadde 3 «band»- det første heitte «Trond Norvallz» og spelte dansebandmusikk.
Det andre bandet heitte Lucky Lips – og er egentlg eit partyband som spelte i Bremangerområdet på 90-talet. Vi tilførte berre litt kor og rytme i tidsriktig kostyme. Lucky Lips spela rock´n roll/popmusikk frå 50-60 talet.
Det siste bandet heitte «TheTunnel of Love» og spelte popmusikk frå dei 4-5 siste tiår. 
Vi skal ikkje sjå vekk ifrå at vi gjentek dette ein annan gong, på ein annan stad. Planen var å arrangere dansegalla sjølv ein gong – og kanskje vi tek opp igjen den idéen om ikkje så altfor lenge. Musikken er allereie innøvd.
DANS på laurdag 1.juni SVELGEN
Bilde
Kulturkarusell
Onsdag 22.mai 2013
Bremanger kulturskule er glade for å ha gode tilbod til dei aller yngste. Vi har «Musikkleik» for 4 og 5 åringar og «Kulturkarusell» for 6 og 7 åringar. Målet vårt med «Kulturkarusell» er at dei yngste borna skal få prøve seg på ulike kunstuttrykk – Kunstfag, Dans og Musikk.
Vi kjem sikkert til å vere ulike lærarar på dei ulike emna , men kan hende vi er to lærarar samstundes for å hjelpe kvarandre (avhengig av kor store grupper vi har ) Denne gjengen på bildet skulle iallefall lære seg notar og er i full gong med å teikne dei ! Det er faktisk KJEKT med notar når vi leikar oss med dei litt. 🙂
Dans 1.juni i Svelgen idrettshus
Bilde

Alle foto: Inger Igland Kvamme
Flott 30 års feiring på Hauge !
Hurra ! Nok ei 30 års feiring er over – denne var tysdag 30.april på Hauge skule. Les meir























