Dansens dag

Måndag 29.april 2019 var det DANSENS DAG. Bremanger Kulturskule sine eldste danseelevar markerte dette ved å reise til Trivselshagen på Sandane for å sjå ei danseforestilling. 

Vår danselærar Geir Baldersheim arbeider òg ved danselinja på Firda vgs. Firda vgs og Gloppen kulturskule samarbeidde med ei felles visning på Dansens dag. Etter forestillinga fekk vi ei lita omvisning i dansesalane og i kultursalen, og så vart kvelden avslutta med pizza. Alle var einige om at det hadde vore ein kjekk tur. 

Danseframsyning på Kolset

På Kolset vart det sett opp ei danseforestilling saman med vår danselærar Geir Baldersheim frå Gloppen. Vi er så glad for å ha fått han ut her til oss. Det seier elevane våre seg einige i- dei har i ettertid sagt at denne danseframsyninga var veldig kjekk å vere med på. Vi håpar at foreldra/føresette fekk sjå dansegleden i augene deira.

Grete Berntzen seier i kommentar: Tusen takk til alle elevar, og til dei som kom for å sjå ! Takk til danselærar Geir Baldersheim for den fantastiske jobben han gjer . Og takk til Jonas Myklebust for tøft lys.