Nytt ungt band i emning

Kulturskulen tilbyr bandopplæring og denne gjengen har nettopp starta opp , det er deira andre øving idag. Lærar er Einar Nesbakk, som har årelang erfaring frå band i Bremanger som gitarist i Spik Adel og som gitarlærar dei siste (ca) 10 åra.

Denne gjengen er elevar frå 7 klasse og ein frå 6 klasse på Hauge skule og dei har alle vore elevar i kulturskulen heilt sidan dei gjekk i 1. klasse og til idag. ( Vi mangla pianisten på biletet. )

Vi ser allereie at denne gjengen har eit potensiale til å bli dyktige saman, det skal bli spennande å følgje dei dei neste åra. Vi har fått lov å legge ut ein liten snutt frå øvinga.

Elevkonsert i Heimen januar 2019

I januar 2019 hadde vi nokre elevkonsertar i kommunen ; mellom anna på Hauge og Davik . På Hauge var ikkje alle elevane våre med fordi vi ikkje ville ha så lang konsert. Dei skal heller spele på andre stadar denne våren , mellom anna på Haugetun, i Hogslia , på våre eigne huskonsertar og på sommarkonserten vår.

Her er bilder frå denne konserten , den var i Kulturhuset Heimen. Den scena likar vi svært godt. Det var ein variert konsert med ulike band , pianistar , klarinettistar , fløytistar , songarar , gitaristar , bassistar , trommisar og keyboardistar. Det var lærarane Norvall ,Jarle ; Elisabeth ; Tor Olav og Einar som deltok med sine elevar.