Populært med kunstfag i Kulturskulen

Først av alt vil vi nevne dei fantastiske lokala vi har i Heimen – med eige galleri der elevane kan stille ut eigen kunst. Og sjølvsagt har vi eit godt arbeidsrom med hev og senk bord , gode arbeidsstolar og det meste av det vi treng av verktøy og materialer.

Kunst i kulturskulen er populært som aldri før og desse elevane får utfalde seg med svært allsidige oppgåver som Reidun lagar. Her er eit utvalg av prosessen dei er i no.

Nytt ungt band i emning

Kulturskulen tilbyr bandopplæring og denne gjengen har nettopp starta opp , det er deira andre øving idag. Lærar er Einar Nesbakk, som har årelang erfaring frå band i Bremanger som gitarist i Spik Adel og som gitarlærar dei siste (ca) 10 åra.

Denne gjengen er elevar frå 7 klasse og ein frå 6 klasse på Hauge skule og dei har alle vore elevar i kulturskulen heilt sidan dei gjekk i 1. klasse og til idag. ( Vi mangla pianisten på biletet. )

Vi ser allereie at denne gjengen har eit potensiale til å bli dyktige saman, det skal bli spennande å følgje dei dei neste åra. Vi har fått lov å legge ut ein liten snutt frå øvinga.