«Der båra bryt»

Denne kulturidéen som opprinneleg kom frå Reidun Øvrebotten er no i ferd med å verte ein realitet. Nye Bremanger engasjerte oss i kulturskulen til å utarbeide planen. Dette er vi godt i gong med – og vi deltek no i ein konkurranse i NRK Sogn og Fjordane om å vinne 100 000 kr. Pengane kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane- og vi konkurrerer med 9 andre kulturidéar frå heile fylket.

Alle idéane er gode og ulike , så dette vert svært spennande. Vi har oppfordra alle til å stemme på oss på internett – ein gong pr dag fram t.o.m. torsdag 13.juni.   Vi anar ikkje korleis vi ligg an – det kan slå ut alle veier. Desse avstemmingstemmene tel 50,1% – juryen bestemme resten.. Så vi er veldig spente. Fredag førstkomande vert det direktesending der vi er inviterte ( 3 stk) og skal for siste gong presentere oss sjølve ( 2-3 minutt) . Dei som skal vere med på denne sendinga vert Elisabeth Solbakken ( meg) , Grete Berntzen (rektor) , Reidun Øvrebotten (lærar i kunstfag)  Vi oppfordra alle til å stemme desse dagane som er att – samt å høyre på oss på fredag på NRK Sogn og Fjordane.

Les meir om prosjektet «Der båra bryt»  HER 

Bilde

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s