Denne kulturidéen som opprinneleg kom frå Reidun Øvrebotten er no i ferd med å verte ein realitet. Nye Bremanger engasjerte oss i kulturskulen til å utarbeide planen. Dette er vi godt i gong med – og vi deltek no i ein konkurranse i NRK Sogn og Fjordane om å vinne 100 000 kr. Pengane kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane- og vi konkurrerer med 9 andre kulturidéar frå heile fylket.
Alle idéane er gode og ulike , så dette vert svært spennande. Vi har oppfordra alle til å stemme på oss på internett – ein gong pr dag fram t.o.m. torsdag 13.juni. Vi anar ikkje korleis vi ligg an – det kan slå ut alle veier. Desse avstemmingstemmene tel 50,1% – juryen bestemme resten.. Så vi er veldig spente. Fredag førstkomande vert det direktesending der vi er inviterte ( 3 stk) og skal for siste gong presentere oss sjølve ( 2-3 minutt) . Dei som skal vere med på denne sendinga vert Elisabeth Solbakken ( meg) , Grete Berntzen (rektor) , Reidun Øvrebotten (lærar i kunstfag) Vi oppfordra alle til å stemme desse dagane som er att – samt å høyre på oss på fredag på NRK Sogn og Fjordane.
Les meir om prosjektet «Der båra bryt» HER !