Kunstutstilling av elevarbeid på Hauge

Måndag 3.juni var det utstilling av elevarbeid skuleåret 2018/2019 i Kulturshuset Heimen. Kafé Aletta og Galleri Dorthea var heilt stappfullt av elevar med foreldre og søsken.

Elevane frå den yngste kunstgruppa (3-og 4 .kl) møtte dei frammøtte  med sjølvlaga karnevalsmasker på seg , noko dei hadde planlagt ei heil tid og gledde seg til. Karusellborna har hatt 1/3 del kunstaktivitetar dette kulturskuleåret og viste stolte fram sine arbeid. Elevane i gruppa for 5-6-7 kl. hadde laga svært flott arbeid og kunne vise til varierte arbeid med ulike teknikkar.  Den eldste eleven er avgangselev på Hauge og har då si siste utstilling i kulturskulen. Ho har gjennom åra levert flotte arbeid og har vore utplukke til å representere UKM Bremanger fleire gongar.

Alle elevane fekk utdelt ei rose som takk for i år og Reidun fortalte litt om kva teknikkar ein har vore gjennom det siste året. Både gruppa frå 3-4- kl og gruppa frå 5-6-7 kl. har laga animasjonsfilm – først laga dei dukker og deretter filma dei med Stop Motion animasjonsprogram på iPad. Det har vore ei svært givande arbeidsoppgåve.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s