Framsyningar i kulturskulen mars/april

Her er datoane på konsertar/utstillingar i dei bygdene vi underviser i.

  • Måndag 14.mars kl. 18.00.Hauge med ein konsert og elevutstilling i «Kulturhuset Heimen»
  • Tysdag 15.mars kl. 18.00 i Kalvåg
  • Torsdag 17.mars kl.18.00 i Svelgen Samfunnshus vert det konsert /utstilling.

Konserten i Davik vert utsett til etter påske:

  • Onsdag 13.april kl. 18.00 i Bedehuset i Davik.

Pga at  vi leiger lokaler må vi ta ein inngangsbillett  på kr.50; (for vaksne over 18 år)

IMG_1524

image-2

 

Lucia-besøk

-på sjuke og aldersheimen i Kalvåg!

Ei gruppe frå «kulturkarusell» i Kalvåg tok onsdag 9.desember turen til sjukeheimen for å glede bebuarane der.  Ikkje så farleg om det ikkje var på sjølvaste Lucia-dagen 6.desember – å glede andre med songar kan ein gjere heile året.

Songen vart godt motteken av publikum.lucia_kalvåg2lucia-kalvåg

Julestemning i alle krokar…

Vi likar å kose oss i desember – men ikkje berre elevane…..Julelys

Vi gledar oss alle til at vi kan sløkje dei skarpe taklysa i klasseromma – finne fram stearinlys, tenne dei og finne fram litt godt å ete og drikke! Ein julefilm gjer òg susen – og kanskje er Disney-julefilmsnutter det aller mest «julekoselege»!  Kunstgruppa til Reidun hadde avslutning i dag  – maling, papir, sakser og blyantar er erstatta med julekos! Det er så mørkt bilde at vi ser knapt kva som står på bordet men vi anar den lune gode julestemninga ! IMG_0359.JPG

«Tidleg krøkast»…

…som flinke kunstnarar skal bli !

Desse 3 elevane har hausten 2015 starta opp på kunstskule saman med 2 andre elevar. Dette er den yngste kunstgruppa på Hauge – i Svelgen har Aud Marit Skarrebo Holmen ei tilsvarande gruppe i same aldersgruppe. (3. og 4.klassingar)

Her set dei i djup konsentrasjon – kunstverket kan sjå ut som forvokste påskeegg MEN det er det slettes ikkje. Vi kan ikkje røpe kva det skal bli – kom heller på kunstutstillinga vår seinare i vinter. Vi har det flott i Kulturhuset Heimen. Vi har godt med utstyr og vi trivast i gode lokaler.  IMG_3386IMG_3387

Korps kan gje deg vener for livet

Desse tre jentene er stolte «eigarar» av kvar sin kornett. Kvar torsdag møtast dei til øving saman med kornett-læraren sin Silje Aga Larsen. I tillegg til å vere messing-lærar spelar Silje kornett  i Kalvåg musikklag. Ho har mange år med korpserfaring bak seg både i skulekorpset og som vaksen i musikklaget.

IMG_3191
Desse 3 jentene starta opp i 2014 med eit aspirant-prøveår i musikk-timane i skuletida. Dette er ein avtale vi har hatt med grunnskulen i nokon år og er heilt forsneleg med Kunnskapsløftet. Vi har brukt dei siste åra slik for å klare å «hanke  inn» dei som kanskje aldri hadde meldt seg på som aspirant. Les meir

Kulturskulelærarar på konferanse

Alle lærarar i kulturskulen i Bremanger er på kulturkonferanse på Skei Hotell ! Etter ei flott musikalsk opning fekk Nils R.Sandal ordet der han opna konferansen! Innhaldet denne dagen handla om kulturskulen sin nye rammeplan. Alle kulturskulelærarar frå Sogn og Fjordane har hatt idédugnad til innhaldet i den nye læreplanen. Veggen vart fyllt med stikkord med gode råd til leiarane våre.  

Les meir

Nytt kulturskuleår 2015 / 16

colorful-music-notes-clipart-wallpaper-1Vi vil med denne fargerike kunstplakaten få ynskje dykk alle velkomne til eit nytt spennande og fargerikt kulturskuleår. Vi ynskjer spesielt velkommen til nye elevar og håpar de vil finne dykk godt til rette saman med oss.

Vi startar opp undervisning i veke 35  – måndag 24.august. De vil få beskjed om oppmøtetider i løpet av denne veka / starten på neste veke.

Det er framleis ledige plassar på Musikkleik , Kulturkarusell og Visuelle kunstfag f.o.m 3.klasse  og oppover. Ta kontakt med Grete Berntzen 95 98 29 77 eller grete@bremangerkulturskule.no

Ledige plassar på visuelle kunstfag

Ledige plassar på kunstskulen i Bremanger kulturskule.

Nytt av året er tilbod til 3.og 4. klasse. Vi held til i kjellaren i Kulturhuset Heimen  – lærarar er Reidun Øvrebotten (5.-7- og 8.-10.klasse gruppa ) og Elisabeth Solbakken ( 3.og.4 klasse gruppa)

Kontakt Grete Berntzen 95 98 29 77 / post@bremangerkulturskule.no

Vakre silkemålingsbilder

Vakre silkemålingsbilder

Første elevutstilling i Kulturhuset Heimen

Første elevutstilling i Heimen vart helde tysdag 2.juni kl.18.00. Vertinner for utstillinga var huseigar/kunstlærar Reidun Øvrebotten , kulturskulelærar Elisabeth Solbakken og kulturskulerektor Grete Berntzen. Det vart servert sprudlande drikke og jordbær , og etterpå var det høve å kjøpe seg ein kopp kaffi. Det var stort oppmøte – men vi klarte likevel å «huse» alle som kom. Ei hyggeleg stund i Kafé Aletta!

NY registrering – dette gjeld ALLE ELEVAR i 2015 !

SISTE NYTT Skjermbilde 2015-05-07 20.33.17

Alle elevar må (sjølv om dei ER elevar) registrere seg i det kommunale «påmeldingssystemet» vårt. De finn link her på sida, merka med blått :

Elevar som allereie HAR plass mister IKKJE plassen sin pga dette –  men vi må registrere alle elevar i  det samme systemet. Dette handlar om fakturering , utsending av brev , sms til føresette og elevar.  Alle må føre opp alt de har av kontaktinformasjon slik at de lett kan nåast. Håpar at alle tek seg tid å gjere dette no. Vi sender eit brev med eleven heim slik at de vert minna på det på mange måtar.

Korleis de går fram på kommunen sine registreringssider har eg skrive om i dette innlegget.

KLIKK HER: https://bremangerkulturskule.wordpress.com/2015/05/07/pameldingsfrist-1-juni/

Det kan hende systemet krever at du må «melde deg på» sjølv om eleven er elev no og spelar instrument frå før. Dette er berre proforma, ingenting vert endra. Det er ikkje meininga å vere vanskelege – dette er berre eit grep vi må ta fordi  ein del påmeldingar kom på avveie. Påmeldingar som kom på små papirlappar, epost, sms, muntleg, via andre. Så dette var heilt naudsynt å få til slik at ingen vert gløymt pga uhell.

4844-Kuleramme_178

  • Skal eleven slutte ?  Dette må de melde ifrå om før sommarferien.
  • Går eleven på kulturkarusell? Då må du melde dei på nytt på eit instrument /kunstskule eller liknande. Sjå sidene for VÅRE TILBOD.

Lukke til med registrering. Om de ikkje får det til – ta kontakt med Grete eller Elisabeth. Stine Senneset på servicekontoret er ansvarleg for dette systemet. Ho kan sikkert òg vere til hjelp.

Varsel om NYE satsar i Bremanger kulturskule

Varsel om nye satsar i kulturskulen:

For skuleåret 2015-2016 auker vi elevavgiften i Bremanger kulturskule. Det vil fortsatt vere søskjen og aktivitetsmoderasjon.

 Prisar pr. år:

 Kr. 3000,- (uansett kva aktivitet du er med på)

 Søskjen/aktivitetsmoderasjon       20% søskjen/aktivitet 1

                                                          40% søskjen/aktivitet 2

 Sykurs for vaksne                            kr. 3000,-       8 vekers kurs à 2,5 timar

 Kurs i song/instrument                  kr. 3000,-       8 veker à 45 min.

 (Med atterhald om kommunestyrevedtak i juni)

Påmeldingsfrist 1.juni!

Påmeldingsfrist-1-juniPåmeldingsfristen for neste kulturskuleskuleår er 1.juni og vi godtek kun digital påmelding . Dette pga tidlegare rotete system med påmelding, som kunne føre til at enkelte elevar ikkje vart registrert og dermed ikkje fekk plass. Dette vert no unngått når alle registrere seg på Bremanger kommune sine nettsider. Her er ei «oppskrift» på korleis du går fram : DU FINN link til Bremanger kommune på vår side i menyen . Skjermbilde 2015-05-07 20.33.17

Du kjem inn på denne sida på Bremanger si kommune si side. Klikk så på Sjølvbetjening.

Skjermbilde 2015-05-07 20.33.55

Då kjem du inn på Søknadssenter: Om du ikkje har ein brukar må du lage deg ein ny brukar ( til høgre på skjermbilete)   Skjermbilde 2015-05-07 20.34.13

Her fylle du ut alle dine personalia – kontakt informasjon osv.

Skjermbilde 2015-05-07 20.34.25

Når du har fyllt ut alt MÅ du bekrefte den nye brukaren din på ein tilsendt e-post. Trykk på linken i eposten og du er klar til å søke plass i kulturskulen.

Skjermbilde 2015-05-07 20.35.31

Sjekk at du er innlogga-om ikkje logg deg inn. Finn skjemaet «Søknad om kulturskule under «Kultur og fritid». Klikk på skjemaet.Skjermbilde 2015-05-07 20.34.49

Då vil du komme inn på denne sida. Fyll ut alle personalia  – kryss av for om du vil at borna dine kan takast foto av /publiserast på nettsida til kulturskulen.

Ang.FOTOGRAFERING : Det vert ikkje publisert navn til elevar på foto / tagging av navn.  Unntaket av fotografering vert «offentlege» kulturskulekonserter der eleven står på ei scena. Då vert alle på eit vis «offentlege personar» .Det vert då vanskeleg å unngå å verte fotografert. Men om det er ønskjeleg  å ikkje bli teken bilde av MÅ de gje beskjed på konsertane /utstillinga/forestillinga. Vi skal prøve å unngå det så godt vi kan i høve til personvernlova.. Men vi kan ikkje styre andre media som er tilstades på arrangementet.

Fyll ut resten av skjema  – kva type undervisning du ynskjer osv.

Skjermbilde 2015-05-07 20.37.19

Når du er ferdig å fylle ut sender du inn det ferdigutfyllte. Vanskeleg? Om de vil kan vi «geleide» deg igjennom søknadsprosessen. Kontakt Grete på 95982977 eller Elisabeth på 91658521. Lukke til !

Steinar Karlsen workshop/konsert i Heimen

steinarkarlsen-kopiLaurdag 25.april vert det konsert i Heimen med denne spreke karen . Han er opprinneleg frå Eikefjord men bur i Bergen. Han er fast gitarist for Good Time Charlie men arbeider som musiker  i ulike andre prosjekt. Vi har vore så heldige å få han her til oss denne helga. Vi arrangere workshop for gitar/bass elevar og andre som har lyst å vere med. Konserten startar kl. 18.00. Vi ynskjer alle som vil velkommen ! Dei som vil melde seg på Workshop ringer til Grete :  95 98 29 77.

Steinar-nett

HURRA ! Finaleplass i UKM landsmønstring for Iver, Halvor, Håvard og Oliver !

IMG_1210Bremanger kulturskule er så stolte over desse karane sin prestasjon på fylkesmøstringa 2015. Alle fire er/var elevar i vår kulturskule. Men mest av alt er karane svært talentfulle! Underteikna er gjerne inhabil MEN vi var ganske så sikre på at dei «kniva » i toppen etter deira prestasjon på scena.

Einar Nesbakk var med som far til Halvor og som UKM -leiar backstage. Han kunne med sin store kunnskap om band og denne type musikk finpusse på låta til dei før dei skulle på scena. Låta deira «Jailhouse Rock» vart korta mykje ned – soloane vart kortare og meir konsise, – innslaget vart akkurat passe langt nok til å vere ein konsertversjon – tid 3.40 . Og som han sa ; ei må sleppe publikum i ei kjensle av at dei vil høyre meir etter siste tone ebba ut! Og DET gjorde det virkelig. Energinivået på låta holdt heilt fram til slutten – dei hadde full kontroll gjennom heile låta.

Iver sitt stilsikre og levande gitarspel imponerte nok ein gong, medan Halvor (ja – eg er inhabil) imponerte oss med tøff «blå» song som gav publikum både energi og godt humør! Men utan bass og trommer duger helten ikkje – dei imponerte oss like mykje – både Oliver og Håvard spelte leikande lett og viste full kontroll ,høgt nivå og stilsikkerhet over framføringa si. Desse fire er svært samspelte , noko som kanskje manglar litt på andre «UKM-band». Mange lagar nye band rett før ei lokalmønstring  men rekk ikkje å verte nok samspelte før framføringa si. Desse 4 karane har spelt ilag lenge – relativt sett og det viser igjen.

Og ikkje nok med DET – 3 av gutane kom òg vidare med sitt bidrag i «Firda Crew» saman med 2 andre elevar frå musikklinja på Firda vidaregåande skule. Vi bøyer oss i støvet for denne gjengen ! Håpar vi alle kan få henge med dykk til Trondheim.

Olavshallen next !

UKM Sogn og Fjordane 2015

Bremanger kommune vart i 2015 representert av 19 flotte ungdomar. Underteikna var til stades på dag 1 og fekk med seg 2 flotte konsertar – 4 timar tilsaman. Men først var vi alle på opning av kunstutstilling kl.11.00.

3 av våre 4 kunstnarar var tilstades og vart gjort stas på! Tilstades på utstillinga var medialinja i Sogndal som tok bilder av alle saman. Det vart fellesbilde og portrettbilde.

Nrk har i samarbeid med medialinja teke bilde , filma, intervjua deltakarar backstage , på utstilling, på øving , på workshop osv. Førebels ser det ut som det vert ein flott produksjon.Det er berre å gå inn å sjå – her finn du òg bilde av våre ungdomar. Vi oppdatere dette innlegget når Anna , Amanda og Maja er ferdig på scena i dag.

http://www.nrk.no/sognogfjordane/folg-ukm-direkte-heile-helga-1.12314805?index=9#1.12316852.1ae2b418